Generelle eigenskapar
Namn , kjemisk symbol , atomnummer
Titan, Ti, 22
Kjemisk serie
Transisjonsmetall
Gruppe , periode , blokk
4 , 4 , d
Tettleik , hardleik
4507 kg/m3 , 6 (ikkje SI )
Utsjånad
Sølvkvitt
Atomeigenskapar
Atommasse
47,87 u (ikkje SI )
Atomradius (berekna)
140 (176) pm
Kovalent radius
136 pm
Ioneradius
68 pm (ladning: +4)
van der Waals radius
(?) pm
Elektronkonfigurasjon
[Ar ]
3
d
2
4
s
2
{\displaystyle 3d^{2}4s^{2}}
Elektron per energinivå
2, 8, 10, 2
Oksidasjonstrinn (oksid )
+3, +4 (Amfotært)
Krystallstruktur
Heksagonal
Fysiske eigenskapar
Tilstandsform
Fast stoff
Smeltepunkt
1935 K (1662°C )
Kokepunkt
3560 K (3287°C)
Molart volum
10,64 cm3 /mol
Fordampingsvarme
425,2 kJ/mol
Smeltevarme
16,11 kJ/mol
Damptrykk
0,49 Pa ved 1933 K
Ljodfart
4140 m/s ved 293,15 K
Diverse eigenskapar
Elektronegativitet
1,54 (Paulings skala )
Spesifikk varmekapasitet
523 J/(kg·K)
Elektrisk konduktivitet
2,34 MS/m
Termisk konduktivitet
21,9 W/(m·K)
Ioniseringspotensial
658,8 kJ/mol
Mest stabile isotopar
SI-einingar og STP er brukt unntatt der det er avmerkt
Sjå òg: Titan (fleirtydingsside)
Titan er eit metallisk grunnstoff med kjemisk symbol Ti og atomnummer 22. Det er eit transisjonsmetall og er plassert i gruppe 4 i periodesystemet . Stoffet vart oppdaga av ulike forskarar på 1790-talet. Namnet kjem frå titanane , som var ei gudeslekt av himmelens og jordas born i gresk mytologi , og jordas første søner i romersk mytologi .
Bruk av titan
Klokke med titanbelegg
Titan har høg styrke i forhold til vekta, og blir brukt åleine eller i legeringar som materiale til romrakettar , jetfly , ubåtar , verktøy samt tennis - og squash -racketar. Vanlege titanlegeringar inneheld jern og aluminium . Det kjemiske stoffet titandioksid har ein stabil, kvit farge og er mykje brukt i måling .
Historie
Titan vart oppdaga i england av William Gregor i 1791 . Han oppdaga grunnstoffet i mineralet ilmenitt . Omtrent samstundes laga Franz Joeseph Muller ein liknande substans utan at han greidde å identifisera stoffet. Fleire år seinare vart grunnstoffet igjen oppdaga uavhengig av dette. Denne gong av Martin Heinrich Klaproth som gav det namnet titan .
Reint metall har vore vanskeleg å utvinna, og vart først danna i 1910 . Først i 1946 vart det brukt utanfor laboratorium , etter at William Justin Kroll viste at kommersiell produksjon kan skje ved reduksjon av titantetraklorid med magnesium etter Krollprosessen .
Førekomst og produksjon
Titan førekjem blant anna i mineralet ilmenitt , som er råstoff for titanproduksjon i Noreg . Dei viktigaste norske titanprodusentane er Titania A/S , Tinfos , og Kronos Titan A/S .
Kjemi
Titan har vanlegvis oksidasjonstal 4 i sambindingar, men kan òg ha oksidasjonstal 3.
Titanmetall er dekt av eit oksidlag som vernar det. Metallet kan brenna i luft. Da vert titandioksid og titannitrid danna.
Ti + O2 → TiO2
2Ti + N2 → TiN
Titan reagerer vanlegvis ikkje med basar .
Isotopar
Tryggleik
Sjå også
Bakgrunnsstoff