«On a Night Like This» er ein song skriven av Bob Dylan og spelt inn i november 1973. Han kom først ut på det 14. studioalbumet til Dylan, Planet Waves, som opningsporet der.[1] Han kom òg ut som den første singelen på albumet og nådde 44. plassen på Billboard Hot 100[2] Songen kom sidan ut på fleire samlealbum som Biograph i 1985 og Dylan (3-CD-versjonen) i 2007.[3][4]
Tekst og musikk
I følgje Dylan sjølv var ikkje «On a Night Like This» ein typisk song for han, og sa at «han var på ein måte som ein full mann som er mellombels edru».[5] Dylan-biografen Clinton Heylin meinte songen var ein skuffande start på Planet Waves.[6] Teksten meinte han derimot var smart.[6]
Forfattaren Oliver Trager skreiv om den «rustikke» kjensla og meinte at lyttaren kunne kjenne rimet på vindauga og lukta av brennande ved slik det er skildra i songen. Trager likte særleg munnspelet til Dylan og trekkspelet til Garth Hudson.[5]Allmusic-skribenten Stephen Thomas Erlewine skildra den «smålåtne karakteren» i songen som ein «dyd.»[7]