Young kalla ofte dette albumet Old Ways II, sidan han opphavleg planla å gje ut eit countryalbum kalla Old Ways i 1983. Geffen avslo albumet og bad Young i staden lage eit «rock 'n roll»-album, noko Young gav dei i form av rockabilly-albumet Everybody's Rockin'. Old Ways I inneheldt fleire songar som ikkje vart gjevne ut før seinare, som «Depression Blues», som kom ut på samleplata Lucky Thirteen.
Young lente seg mykje mot venene sine, særleg på vokalen, og Waylon Jennings syng harmonivokal på seks av ti songar, og ein av dei andre er ein duett med Willie Nelson.
Tittelsporet og «Get Back to the Country» vart gjevne ut på singlar med tilhøyrande musikkvideoar, men som dei førre videoane hans, vart dei stort sett ignorerte av MTV. Albumet vr nær ein kommersiell og kritisk fiasko og er eit av albuma til Young som har seld dårlegast så langt. Allmusic skreiv om albumet at det ikkje er eit stort Neil Young-album, og då det kom ut så framandgjorde han seg ytterlegare frå tilhengjarane, men at det likevel har sine augneblink.[5]
Trass i dårleg mottaking, turnerte han med Old Ways og spelte songar frå albumet i lag med eldre songar. Young fekk mykje meir merksemd for gjenforeininga med David Crosby, Stephen Stills og Graham Nash på Live Aid for den første framføringa til kvartetten på eit tiår.
Innhald
Alle spor skrivne av Neil Young, bortsett frå der andre er nemnde