Mirror Ball er det 24. albumet til Neil Young, spelt inn i lag med Pearl Jam, og gjeve ut 27. juni 1995 på Reprise Records. Albumet selde til gullplate i USA.
Neil Young gjekk i studio med Pearl Jam i Seattle i januar 1995, elleve dagar før bandet skulle spele på ein konsert til støtte for retten til å ta abort i Washington, D.C.[9] Albumet vart spelt i løpet av fire dagar.[10][11] Young valde å spele songane inn live i studio. I januar tok Young med seg «Song X», «Act of Love» og fem andre songar i studio for den første innspelinga i januar.[9][11] For den andre innspelinga i februar hadde han med seg fleire songar.[11] Young skreiv òg to nye songar for innspelinga i februar og ein song frå januar vart spelt inn på ny.[11] Young sa at alle songane, bortsett frå «Song X» og «Act of Love», vart skrivne i løpet av dei fire dagane albumet vart spelt inn.[11]
Young sa han reiste til Seattle for å spele inn plata som ein «utfordring».[11] Han sa: «Å spele inn Mirror Ball var som audio vérité, berre eit bilete av kva som skjedde. Stundom visste eg ikkje kven som spelte. Eg var berre medviten om denne store lydmassen.»[11] Pearl Jam-vokalist Eddie Vedder var ikkje mykje til stades på innspelingane.[12] Vedder forklarte at han på denne tida vart forfulgt av ein tilhengjar og det var problem for å han å forlate huset sitt.[12] Vedder skreiv seinare ein song om dette, «Lukin» på Pearl Jam-albumet No Code i 1996.[13] Pearl Jam-gitarist Stone Gossard sa at Mirror Ball «kom på ei tid då me trengde det, at Neil tenkte me var eit band det kunne vere bra å spele inn ei plate med. Han hadde truleg vondt av oss. Han gjorde det heilt greit for oss å vere dei me var. Han tar ikkje karrieren sin så seriøst at han ikkje kan gjere endringar. Brått var me altfor seriøse»[12]
Utgjeving og mottaking
Mirror Ball nådde femte plass på den amerikanske albumlista og selde til gull.[14] I Noreg hamna albumet på andreplass.
Albumet fekk blanda kritikk, men både NME og Rolling Stone gav albumet gode kritikk.
Det vart laga musikkvideoar av både «Downtown» og «Peace and Love».
Turne
Etter albumet var ferdig, slo fleire av medlemmene i Pearl Jam, utan Vedder, seg med Young for ein kort turne i Europa i august 1995. Tilhengjarane kalla dei Neil Jam.[15] Pearl Jam-gitarist Mike McCready sa «Det var ein draum som vart verkelegheit. Me fekk spele masse Neil Young-songar i lag med Neil Young sjølv, og fekk reise til Berlin, til Jerusalem, til Raudehavet.»[16]