On the Beach er det femte studioalbumet til Neil Young og kom ut i 1974. Det var ikkje tilgjengeleg på CD før det vart gjeve ut på HDCD den 19. august 2003.
Bakgrunn
Albumet vart spelt inn etter (men gjeve ut før) Tonight's the Night og On the Beach deler noko av den nakne og uferdige kjensla, som sjokkerte både tilhengjarar og kritikarar, sidan dette var det første studioalbumet hans etter det særs populære og kritikarroste Harvest. Det inneheldt òg peikepinnar fram mot ei meir positiv framtid for Young, særleg opningssongen «Walk On».
Den originale meldinga i Rolling Stone skildra albumet som «eit av dei mest fortvila albuma dette tiåret». Seinare kritikarar, som William Ruhlmann i Allmusic, har peikt på at Young sa «farvel til fortvilinga, og var ikkje overvelda av fortviling». Det mørke Tonight's the Night var med vilje underprodusert og hadde særs pessimistiske tekstar, medan dette albumet er noko meir polert og ikkje like pessimistisk.
Som Tonight's the Night var ikkje On the Beach ein kommersiell suksess då det kom ut, men har med tida vorte høgt verdsette av både tilhengjarar og kritikarar. Albumet vart spelt inn med mange studiomusikarar med arrangementet som var strippa ned til beinet. Young gjekk òg for grove, monitormiksar i staden for eit meir polert lydbilete, noko som framandgjorde lydteknikarane hans.
Gjennom innspelinga av albumet åt Young og musikarane hans eit heimelaga brygg av marihuana og honning.[6] Dette kan vere årsaka til den milde stemninga på albumet, særleg den andre halvdelen av plata.[6] Young har sag at det var eit «bra album, særleg sida med 'Ambulance Blues', 'Motion Pictures' og 'On the Beach'. Det er eit bra forsøk.»
Tilgjenge
I om lag 20 år var det nesten ikkje mogeleg å få tak i On the Beach. Vinylutgåva gjekk ut av produksjon tidleg i 1980-åra og han var berre tilgjengeleg ei kort stund på kassett. On the Beach stod på lister over dei albuma ein helst hadde lyst å få utgjeve på CD. I lag med tre andre album av Young vart ikkje desse gjevne ut før i 2003. Årsaka til dette er ikkje sikkert, men ein trur det er Young sjølv som ikkje ville ha dei ut på CD på grunn av lydproblem og rettslege årsaker.
Mottaking
Albumet er plassert på 22. plass for album frå 1970-åra på Rate Your Music, det er òg på 77. plass på tilsvarande liste for all tid. Pitchfork Media plasserte albumet på 65. plass på lista si over dei 100 beste albuma frå 1970-åra. I 2007 vart On the Beach kåra til det 40. beste kanadiske albumet gjennom tidene i boka til Bob Mersereau over dei 100 beste kanadiske albuma.
Neil Young – vokal; gitar på «Walk On», «Revolution Blues», «Vampire Blues», «On the Beach», «Motion Pictures» og «Ambulance Blues»; munnspel på «See the Sky About to Rain», «Motion Pictures» og «Ambulance Blues»; Wurlitzer elektrisk piano på «See the Sky About to Rain»; banjogitar på «For the Turnstiles»; elektrisk tamburin på «Ambulance Blues»
Ben Keith – slidegitar, vokal på «Walk On», steelgitar på «See the Sky About to Rain»; Wurlitzer elektrisk piano på «Revolution Blues»; Dobro, vokal på «For the Turnstiles»; orgel, vokal og hårtromme på «Vampire Blues»; handtrommer på «On the Beach»; bass på «Motion Pictures» og «Ambulance Blues»
Rusty Kershaw – slidegitar på «Motion Pictures»; fele på «Ambulance Blues»