Som tidlegare år inviterte NRK norske og utanlandske musikarar til å sende inn songar til Melodi Grand Prix. I likskap med fjoråret opna redaksjonen for påmelding til 2019-finalen allereie før 2018-finalen var arrangert. Påmeldinga til Melodi Grand Prix 2019 opna 31. januar 2018, med frist til 9. september.[3][4] Litt over 1000 bidrag kom inn til redaksjonen innan fristen, ein nedgang frå åra før.[5] Bidraga vart reduserte til rundt 60 låtar som deretter vart presenterte for ulike lyttargrupper. Dei 60 songane vart deretter skorne ned til 10 finalistar som var offentleggjorde av NRK under ein pressekonferanse fredag 25. januar 2019. Finalelåtane vart slopne for sal og strøyming same dag.[1]
Finalen vart arrangert i Oslo Spektrum, der tevlinga har vore arrangert kvart år siden 2001. Sendinga vart overført direkte på NRK1, NRK TV, og på NRK P1 med Ole Christian Øen som kommentator.[9] Sendingen varte fra 21.00 til 23.45. Opphavleg sendetid var 20.55–23.15,[10] men sendestarten vart forskjøven til 21.00 på grunn av Jakob Ingebrigtsen sitt gulløp under innandørs-EM i friidrett.[11]
Finalen opna med at fjorårsvinnaren Alexander Rybak framførte dei to vinnarsongane sine i Melodi Grand Prix: «That’s How You Write a Song» (2018) og «Fairytale» (2009). Deretter ønska programleiarane Kåre Magnus Bergh og Heidi Ruud Ellingsen velkommen.[12] Dei ti bidraga vart fyrst framført éin gong, før sjåarane og ti internasjonale jurygrupper røysta fram fire songar til gullfinalen. Erlend Bratland fekk framføre låten sin på nytt, sidan pyroteknikken ikkje fungerte under den fyrste framføringa.[13]
I fyrste runde talde røystene frå sjåarane 50 prosent og poenga frå dei internasjonale jurygruppene dei siste 50 prosentane. Frå fyrste runde gjekk D'Sound, Anna-Lisa Kumoji, Adrian Jørgensen og KEiiNO vidare til gullfinalen.[14] Sjåarane kunne røyste per SMS eller via nettsidene til NRK.
I gullfinalen vart røystene nullstilte, og det vart vist utdrag av gullfinalistane. Deretter avanserte dei to låtane med flest røyster til ein gullduell: KEiiNO og Adrian Jørgensen. Dei to duellantane opptredde deretter på nytt, før sjåarane røysta igjen. Både i gullfinalen og gullduellen var det norske sjåarar åleine som kåra vinnaren.[14][15] Til slutt vart KEiiNO kåra til vinnar etter å ha fått flest røyster frå sjåarane. Dette var andre gongen ein norsk vinnarlåt inneheldt joik; fyrste gongen var i 1980, då «Sámiid ædnan» vann den norske finalen.[16]
I fyrste runde røysta dei internasjonale jurygruppene på bidraga med poeng i valørane 1–8, 10 og 12. Det var ti internasjonale jurygrupper med fem medlemmar i kvar gruppe. Totalt gav dei ti juryguppene 580 poeng, og tv-sjåarane hadde like mange poeng til fordeling. Poenga frå sjåarane vart fordelte ut frå kor stor prosentandel kvar song fekk. Dersom eit bidrag fekk 10 prosent av røystene, fekk denne songen 10 prosent av sjåarane sine 580 poeng – altså 58 poeng. Dei fire songane med flest poeng avanserte til gullfinalen.[14][15] Sjåarane kunne røyste per SMS, og for fyrste gang gratis via nrk.no.[20]
I gullfinalen var det norske sjåarar åleine som røysta. Etter ein kort reprise av songane, vart dei fire gullfinalistane sette opp i to par. Vinnarane frå kvart par møtte deretter kvarandre i ein gullduell. Gullduellantane fekk med seg røystene frå fyrste delen av gullfinalen. Røystetala i gullfinalen samt namna på dei internasjonale dommarane vart offentleggjorde på nrk.no etter finalen.[20]
Prosjektleiaren Stig Karlsen uttalte at han ønskte seg eit deltakarfelt med «kjendiser og artister som folk kjenner». NRK vil «gjøre en enda større jobb for å bringe fram noen nye talenter også», sa Karlsen i eit intervju med NTB etter den internasjonale finalen i 2018.[22] NRK hadde ved fleire høve uttalt at Melodi Grand Prix 2019 ser ut til å bli «historiens største MGP-finale».[1] Finalen hadde 961 000 sjåarar og ein marknaddel på 62,1 prosent – noko ned frå 1 001 000 sjåarar og ein del på 68,6 prosent frå året før.[23] Programmet var det fjerde mest sette på norsk tv denne helga.[24]
Plagiatskuldingar mot vinnaren
Etter finalen påpeika brukarar i sosiale medium at vinnarlåten «Spirit in the Sky» var lik det finske bidraget «Monsters» med Saara Aalto i Eurovision Song Contest 2018. Fleire av dei internasjonale juryane i den norske finalen meinte det same og gav låten trekk då dei skulle bedøme låtane.[25] Musikkmeldaren i VG, Tor Martin Bøe, meinte låtane hadde «klare likhetstrekk». Den musikalske leiaren for Melodi Grand Prix, Stig Karlsen, var einig i at songane hadde visse likskapar, men la til at «Spirit in the Sky» er «et hav unna å være plagiat».[25] Låtskrivaren Tom Hugo Hermansen avviste også plagiatskuldingane og la til: «melodien i både Monsters-låten og vår er innom fire toner som utgjør en mollakkord. Rytmen og lengden på tonene er ikke lik, og disse fire tonene er å finne i mange andre låter».[26]
Kritikk mot NRK
Eit par månadar etter den norske finalen kom musikkmanageren Erland Bakke med kritikk mot NRK. Til Dagbladet meinte Bakke at sentrale personar i NRK blanda saman roller og la «sterke føringer for hvem som vinner den norske MGP-finalen».[27] Han peika på at tre av deltakarane i 2019 var knytte til selskapet Starworks, som vet delvis eigd av den innleia konsulenten og scenografen Mattias Carlsson. Fleire juristar, blant andre jusprofessor Jan Fridthjof Bernt ved Universitetet i Bergen, meinte Carlsson var inhabil fordi han kan ha «økonomiske interesser i hvilke sanger som velges ut».[27] NRK avviste skuldingane, og underhaldingssjefen Charlo Halvorsen understreka at Carlsson ikkje hadde nokon «beslutningsmyndighet i forbindelse med deltakende artister og låter».[27]
Under Eurovision Song Contest 2019 i Tel Aviv uttala vinnarane KEiiNO at dei synest NRK burde dekkje promotering, reiser og tapt arbeidsinntekt for dei norske representantane i forkant av tevlinga.[28] Mellom den norske finalen og den internasjonale konkurransen hadde bandet turnert i Europa for eiga rekning.[29] Kostnadane vart dekka av kredittkort og kronerulling. NRK opplyste at kanalen brukte 3 millionar kroner på Eurovision Song Contest, inkludert senderettar. Til TV 2 uttalte prosjektleiar Stig Karlsen at NRK la store ressursar i deltakinga til artistane. «Alle må bringe noe til bordet, og i artistens tilfelle betyr det deres tid og talent», sa Karlsen til TV 2.[29]