Melodi Grand Prix 2022

Melodi Grand Prix 2022
Dato
Delfinale 1 15. januar 2022
Delfinale 2 22. januar 2022
Delfinale 3 29. januar 2022
Delfinale 4 5. februar 2022
Sistesjansen 12. februar 2022
Finale 19. februar 2022
Vertskap
Programleiarar Kåre Magnus Bergh
Annika Momrak
Mikkel Niva
Kringkastar Norsk rikskringkasting
Deltakarar
Deltakarar 21
Vinnar
Song «Give That Wolf a Banana»
Artist Subwoolfer
Resultat i Eurovision Song Contest 2022
Semifinalepoeng 177
Semifinaleplass 6
Finalepoeng 182
Finaleplass 10
Noreg i Eurovision Song Contest
Melodi Grand Prix 2021 Melodi Grand Prix 2023

Melodi Grand Prix 2022 var den 60. utgåva av Melodi Grand Prix, Noregs nasjonale uttaking til Eurovision Song Contest. Vinneren av tevlinga vart Subwoolfer med songen «Give That Wolf a Banana». Som vinnarar av tevlinga skal dei representere Noreg i Eurovision Song Contest 2022, som skal haldast i Torino i Italia. Tevlinga hadde fire delfinalar, ei siste sjanse-sending og ein finale. Delfinalane vart arrangerte i januar og februar, med finalen laurdag 19. februar 2022.[1] Til saman deltar 21 låtar, og ti av dei kvalifiserer seg til finalen.

Alle sendingane fann stad i H3 ArenaFornebu, med Kåre Magnus Bergh, Annika Momrak og Mikkel Niva som programleiarar. Bergh leia tevlinga for åttande gong, medan Momrak og Niva debuterte i år som Melodi Grand Prix-programleiarar.[2] Delfinalane og siste sjanse-sendinga går utan publikum i salen, mens det var 500 tilskodarar i finalen.[3]

Bakgrunn

Ei vekes tid etter Eurovision Song Contest 2021 opna NRK for innsending av bidrag til den norske tevlinga i 2022. Påmeldinga varte frå 28. mai til 15. august, men fristen blei seinare forlenga til 15. september.[4]

Tevlinga var open for alle låtskrivarar, men ein låtskrivar fekk maksimalt sende inn tre låtar. Kvart innsendte bidrag måtte ha minst ein norsk bidragsytar for å «prioritere og fremme norsk musikkliv».[4]

I tillegg til den opne innsendinga såg NRK etter potensielle bidrag gjennom målretta søk og direkte dialog med den norske musikkbransjen.[4] Til saman hadde redaksjonen rundt 1200 bidrag inne til vurdering.

Artistane og låtane blei presenterte under ei lanseringssending 10. januar 2022.[5]

Sendingane

Tevlinga bestod av fire delfinalar med fire låtar kvar, der vinnaren av kvar delfinale kvalifiserte seg til finalen laurdag 19. februar 2022. Dei utslegne låtane møtte i «siste sjanse»-sendinga veka før finalen, der vinnaren får ein plass i finalen. I tillegg har NRK førehandskvalifisert fem låtar til finalen, slik at finalefeltet består av ti bidrag.[6]

Delfinalane og finalen vart sendt direkte frå H3 Arena på Fornebu, der NRK hadde slått saman to studio for å gje større fysisk plass til produksjon og scene. Det var ikkje publikum i delfinalane og siste sjanse, men i finalen var det 500 tilskodarar.[7][8][9]

Programleiarar

Kåre Magnus Bergh, Annika Momrak og Mikkel Niva leia sendingane. Bergh var programleiar for åttande gong og har med det styrkt programleiarrekorden sin i Melodi Grand Prix; den førre rekorden hadde Odd Grythe, som leia dei seks fyrste tevlingane i 19601965. Annika Momrak og Mikkel Niva debuterte i år som programleiarar i Melodi Grand Prix, men begge har erfaring frå barneutgåva MGPjr: Momrak vann tevlinga i 2013 som del av gruppa Unik 4, mens Niva har leia MGPjr tre gongar: i 2017, 2018 og 2019.[2]

Konsept

Hausten 2021 varsla MGP-redaksjonen fleire endringar i røystesystemet for Melodi Grand Prix. Blant anna vurderer NRK å innføre ei form for juryar i finalen for å gjere den norske utveljinga meir lik Eurovision Song Contest.[10]

Finalen

Finalen vart arrangert i H3 Arena laurdag 19. februar og vart overført direkte på NRK1, NRK P1 og NRK TV. Ti bidrag deltok – fem var førehandskvalifiserte, medan dei øvrige fem kvalifiserte seg via dei fire delfinalane og siste sjanse.[11][12]

Deltakarar

Startrekkjefølgja vart bestemt av produsentane av showet etter sistesjanse-programmet og offentleggjord 14. februar.[13]

Nr. Artist Tittel Låtskrivarar
01 Oda Gondrosen «Hammer of Thor» Morten Franck, Elsa Søllesvik, Torgeir Ryssevik og Oda Kristine Gondrosen
02 NorthKid «Someone» Helge Moen, Alex Charles, Sandra Lyng og Jim Bergsted
03 Anna-Lisa Kumoji «Queen Bees» Olli Äkräs, Alan Roy Scott, Elsbeth Rehder og Anna-Lisa Kumoji
04 Farida «Dangerous» Farida Bolseth Benounis, Rasmus Simon Vedvik Thallaug, Atle Pettersen, Peter Newman og Hannah Dorothy Bistow
05 Sofie Fjellvang «Made of Glass» Sofie Fjellvang og Kjetil Mørland
06 Frode Vassel «Black Flowers» Frode Vassel, Benjamin Larsen, Niklas Rosström og Celine Alette Pedersen Breivoll
07 Christian Ingebrigtsen «Wonder of the World» Christian Ingebrigtsen, Michael Hunter Ochs og Henrik Tala
08 Maria Mohn «Fly» Maria Mohn og Einar Kristiansen Five
09 Subwoolfer «Give That Wolf a Banana» «Keith» og «Jim»
10 Elsie Bay «Death of Us» Elsa Søllesvik, Jonas Holteberg Jensen og Andreas Stone Johansson

Resultat

I finalen framførte finalistane sine låtar direkte før sjåarane røysta på sine favorittar. Då fyrste avrøystingsrunde var over, avslørte programleiarane dei fire låtane som hadde fått flest røyster. Av desse fire avslørte programleiarane deretter kva for to låtar som fekk flest røyster av dei fire. Desse to låtene møtte kvarandre i den endelege gullduellen.

I gullduellen opptredde de to finalistane på nytt, før sjåarane røysta igjen. Røystene frå fyrste avrøysting vart nullstilte, og avrøystinga foregjekk via nrk.no eller tekstmelding.[14]

Fyrste runde

Nr. Artist Tittel Status
01 Oda Gondrosen «Hammer of Thor» Ute
02 NorthKid[15] «Someone» Til gullduell
03 Anna-Lisa Kumoji[16] «Queen Bees» Ute
04 Farida «Dangerous» Ute
05 Sofie Fjellvang «Made of Glass» 3./4. plass
06 Frode Vassel «Black Flowers» Ute
07 Christian Ingebrigtsen «Wonder of the World» Ute
08 Maria Mohn «Fly» Ute
09 Subwoolfer «Give That Wolf a Banana» Til gullduell
10 Elsie Bay[17] «Death of Us» 3./4. plass

Gullduell

Dei fire bidraga med flest røyster vart avslørt av programleiarane. Av desse fire gjekk dei to med flest røyster vidare til den avgjerande gullduellen. Låten som fikk flest røyster i gullduellen, vann Melodi Grand Prix og er det norske bidraget til Eurovision Song Contest 2022.

Nr. Artist Tittel Plass
02 NorthKid[18] «Someone» 2
09 Subwoolfer «Give That Wolf a Banana» 1

Røysteresultat

Røystene til dei to bidraga i gullfinalen vart leste opp landsdel for landsdel. Røystene vart leste opp av Jorun Stiansen (Sørlandet), Imerika (Midt-Norge), Jenny Jenssen (Nord-Norge), Jostein Austvik (Vestlandet) og fjorårsvinnar TIX (Østlandet).[12]

Nr. Tittel Sørlandet Midt-Noreg Nord-Noreg Vestlandet Austlandet Totalt
02 NorthKid 28 095 40 288 79 548 57 369 106 923 312 223
09 Subwoolfer 36 576 45 038 28 731 82 146 175 615 368 106

Delfinalane

Delfinale 1

Delfinale 1 blei halden i H3 Arena laurdag 15. januar 2022, klokka 19.50–21.15. I denne delfinalen deltok fire låtar. I tillegg presenterte den førehandskvalifiserte finalisten Elsie Bay bidraget «Death of Us» i denne delfinalen.

Artist Tittel Låtskrivarar
Mira Craig «We Still Here» Mira Craig og Bård Berg
Frode Vassel «Black Flowers» Frode Vassel, Benjamin Larsen, Niklas Rosström og Celine Alette Pedersen Breivoll
Trollfest «Dance Like a Pink Flamingo» Eirik Renton og Jostein Austvik
Eline Noelia «Ecstasy» Eline Noelia Myreng, Audun Agnar Guldbrandsen og Tea Megaard
Førehandskvalifisert finalist
Elsie Bay «Death of Us» Elsa Søllesvik, Jonas Holteberg Jensen og Andreas Stone Johansson

Resultat

Tevlinga var lagd opp som ein cup. Først blei dei fire deltakarane delte inn i to duellar som blei trekte før delfinalen. Vinnarane frå kvar duell møtte deretter kvarandre i ein avgjerande gullduell, der vinnaren fekk ein plass i finalen. Sjåarane avgjorde dei tre duellane ved å røyste på NRK.no.[19]

Nr. Artist Tittel Låtskrivarar Resultat
Duell 1
1 Eline Noelia «Ecstasy» Eline Noelia Myreng, Audun Agnar Guldbrandsen og Tea Megaard Til gullduell
2 Mira Craig «We Still Here» Mira Craig og Bård Berg Ute, vidare til sistesjansen
Duell 2
3 Trollfest «Dance Like a Pink Flamingo» Eirik Renton og Jostein Austvik Ute, vidare til sistesjansen
4 Frode Vassel «Black Flowers» Frode Vassel, Benjamin Larsen, Niklas Rosström og Celine Alette Pedersen Breivoll Til gullduell
Gullduell
1 Eline Noelia «Ecstasy» Eline Noelia Myreng, Audun Agnar Guldbrandsen og Tea Megaard Ute, vidare til sistesjansen
2 Frode Vassel «Black Flowers» Frode Vassel, Benjamin Larsen, Niklas Rosström og Celine Alette Pedersen Breivoll Til finalen

Delfinale 2

Delfinale 2 vart arrangert i H3 Arena laurdag 22. januar 2022, klokka 19.50–21.05. I denne delfinalen deltok fire låtar. I tillegg vart ein av dei fem førehandskvalifiserte finalistane presentert i denne delfinalen.

Artist Tittel Låtskrivarar
Lily Löwe «Bad Baby» Lill Sofie Wilsberg, Trond Holter og Victoria Land
Steffen Jakobsen «With Me Tonight» Mats William Wennerberg og Nicolai Herwell
Farida «Dangerous» Farida Bolseth Benounis, Rasmus Simon Vedvik Thallaug, Atle Pettersen, Peter Newman og Hannah Dorothy Bistow
Daniel Lukas «Kvelertak» Daniel Lukas Kalelic og Are Næsset
Førehandskvalifisert finalist
Christian Ingebrigtsen «Wonder of the World» Christian Ingebrigtsen, Michael Hunter Ochs og Henrik Tala

Resultat

Tevlinga var lagd opp som ein cup. Først blei dei fire deltakarane delte inn i to duellar som blei trekte før delfinalen. Vinnarane frå kvar duell møtte deretter kvarandre i ein avgjerande gullduell, der vinnaren fekk ein plass i finalen. Sjåarane avgjorde dei tre duellane ved å røyste på NRK.no.

Nr. Artist Tittel Låtskrivarar Resultat
Duell 1
1 Lily Löwe «Bad Baby» Lill Sofie Wilsberg[20], Trond Holter og Victoria Land Ute, vidare til sistesjansen
2 Steffen Jakobsen «With Me Tonight» Mats William Wennerberg og Nicolai Herwell Til gullduell
Duell 2
3 Farida «Dangerous» Farida Bolseth Benounis, Rasmus Simon Vedvik Thallaug, Atle Pettersen, Peter Newman og Hannah Dorothy Bistow Til gullduell
4 Daniel Lukas «Kvelertak» Daniel Lukas Kalelic og Are Næsset Ute, vidare til sistesjansen
Gullduell
1 Steffen Jakobsen «With Me Tonight» Mats William Wennerberg og Nicolai Herwell Ute, vidare til sistesjansen
2 Farida «Dangerous» Farida Bolseth Benounis, Rasmus Simon Vedvik Thallaug, Atle Pettersen, Peter Newman og Hannah Dorothy Bistow Til finalen

Delfinale 3

Delfinale 3 vart arrangert i H3 Arena laurdag 29. januar 2022, klokka 19.50–21.05. I denne delfinalen deltok fire låtar. I tillegg vart ein av dei fem førehandskvalifiserte finalistane presentert i denne delfinalen. Opphavleg skulle Subwoolfer ha framført sitt bidrag i denne delfinalen, men duoen måtte avlyse på grunn av covid-19.[21] Også programleiar Kåre Magnus Bergh måtte stå over delfinalen, sidan han var i isolasjon på grunn av covid-19.[22]

Artist Tittel Låtskrivarar
Mari Bølla «Your Loss» Lars Horn Lavik, Morten Franck og Mari Eriksen Bølla
Oda Gondrosen «Hammer of Thor» Morten Franck, Elsa Søllesvik, Torgeir Ryssevik og Oda Kristine Gondrosen
Sturla «Skår i hjertet» Sturla Fagerli Larsen
Vilde «Titans» Vilde Johannessen, Ben Adams og Sindre Timberlid Jenssen
Førehandskvalifisert finalist
NorthKid «Someone» Helge Moen, Alex Charles, Sandra Lyng og Jim Bergsted

Resultat

Tevlinga var lagd opp som ein cup. Først blei dei fire deltakarane delte inn i to duellar som blei trekte før delfinalen. Vinnarane frå kvar duell møtte deretter kvarandre i ein avgjerande gullduell, der vinnaren fekk ein plass i finalen. Sjåarane avgjorde dei tre duellane ved å røyste på NRK.no.

Nr. Artist Tittel Låtskrivere Resultat
Duell 1
1 Mari Bølla «Your Loss» Lars Horn Lavik, Morten Franck og Mari Eriksen Bølla Ute, vidare til sistesjansen
2 Oda Gondrosen «Hammer of Thor» Morten Franck, Elsa Søllesvik[23], Torgeir Ryssevik og Oda Kristine Gondrosen Til gullduell
Duell 2
3 Sturla «Skår i hjerte» Sturla Fagerli Larsen Ute, vidare til sistesjansen
4 Vilde «Titans» Vilde Johannessen, Ben Adams og Sindre Timberlid Jenssen Til gullduell
Gullduell
1 Oda Gondrosen «Hammer of Thor» Morten Franck, Elsa Søllesvik[24], Torgeir Ryssevik og Oda Kristine Gondrosen Til finalen
2 Vilde «Titans» Vilde Johannessen, Ben Adams og Sindre Timberlid Jenssen Ute, vidare til sistesjansen

Delfinale 4

Delfinale 4 vart arrangert i H3 Arena laurdag 5. februar 2022, klokka 19.50–21.05. I denne delfinalen deltok fire låtar. I tillegg vart ein av dei fem førehandskvalifiserte finalistane presentert i denne delfinalen.

Artist Tittel Låtskrivarar
Alexandra Joner «Hasta la vista» Henrik Sæter og Jazara Aden Hutton
Maria Mohn «Fly» Maria Mohn og Einar Kristiansen Five
Kim Wigaard «La melodia» Kim Wigaard Johansen, Marius Hagen, Karianne Sissener Amundsen og Ronny Janssen
Sofie Fjellvang «Made of Glass» Sofie Fjellvang og Kjetil Mørland
Førehandskvalifisert finalist
Subwoolfer[25] «Give That Wolf a Banana» «Keith» og «Jim»

Resultat

Tevlinga var lagd opp som ein cup. Først blei dei fire deltakarane delte inn i to duellar som blei trekte før delfinalen.[26] Vinnarane frå kvar duell møtte deretter kvarandre i ein avgjerande gullduell, der vinnaren fekk ein plass i finalen. Sjåarane avgjorde dei tre duellane ved å røyste på NRK.no.

Nr. Artist Tittel Resultat
Duell 1
1 Maria Mohn «Fly» Til gullduell
2 Alexandra Joner «Hasta la vista» Ute, vidare til sistesjansen
Duell 2
3 Kim Wigaard «La melodia» Ute, vidare til sistesjansen
4 Sofie Fjellvang «Made of Glass» Til gullduell
Gullduell
1 Maria Mohn «Fly» Ute, vidare til sistesjansen
2 Sofie Fjellvang «Made of Glass» Til finalen

Siste sjanse

Del 1

Den fyrste delen av «siste sjanse» vert send på NRK1 og NRK P1 mandag 7. februar. Sendinga går frå NRK Marienlyst, og her vert framsyningane frå delfinalane viste. Sjåarane og lyttarane røyster fram fire låtar til del 2 av «siste sjanse» laurdag 12. februar.

Artist Tittel Låtskrivarar
Mira Craig «We Still Here» Mira Craig og Bård Berg
Trollfest «Dance Like a Pink Flamingo» Eirik Renton og Jostein Austvik
Eline Noelia «Ecstasy» Eline Noelia Myreng, Audun Agnar Guldbrandsen og Tea Megaard
Lily Löwe «Bad Baby» Lill Sofie Wilsberg, Trond Holter og Victoria Land
Daniel Lukas «Kvelertak» Daniel Lukas Kalelic og Are Næsset
Steffen Jakobsen «With Me Tonight» Mats William Wennerberg og Nicolai Herwell
Mari Bølla «Your Loss» Lars Horn Lavik, Morten Franck og Mari Eriksen Bølla
Sturla «Skår i hjertet» Sturla Fagerli Larsen
Vilde «Titans» Vilde Johannessen, Ben Adams og Sindre Timberlid Jenssen
Alexandra Joner «Hasta la vista» Henrik Sæter og Jazara Aden Hutton
Kim Wigaard «La melodia» Kim Wigaard Johansen, Marius Hagen, Karianne Sissener Amundsen og Ronny Janssen
Maria Mohn «Fly» Maria Mohn og Einar Kristiansen Five

Del 2

Del 2 av «siste sjanse» vart arrangert i H3 Arena laurdag 12. februar 2022, klokka 19.50–21.05. I denne sendingen deltok dei fire låtane som vart røysta fram frå del 1 av «siste sjanse». I tillegg vart ein av dei fem førehandskvalifiserte finalistane presentert i denne delfinalen.

Artist Tittel Låtskrivarar
Mari Bølla «Your Loss» Lars Horn Lavik, Morten Franck og Mari Eriksen Bølla
Maria Mohn «Fly» Maria Mohn og Einar Kristiansen Five
Kim Wigaard «La melodia» Kim Wigaard Johansen, Marius Hagen, Karianne Sissener Amundsen og Ronny Janssen
Trollfest «Dance Like a Pink Flamingo» Eirik Renton og Jostein Austvik
Førehandskvalifisert finalist
Anna-Lisa Kumoji «Queen Bees» Olli Äkräs, Alan Roy Scott, Elsbeth Rehder og Anna-Lisa Kumoji

Resultat

Tevlinga bestod av to rundar. I fyrste runde opptredde alle dei fire sistesjansen-deltakerne. Sjåarane røysta fram to av bidraga til den siste og avgjerande gullduellen, der vinnaren fekk den siste plassen i finalen. Sjåarane avgjorde begge rundane ved å røyste på NRK.no.[27]

Nr. Artist Tittel Resultat
Runde 1
1 Mari Bølla «Your Loss» Ute av tevlinga
2 Kim Wigaard «La melodia» Ute av tevlinga
3 Maria Mohn «Fly» Til gullduell
4 Trollfest «Dance Like a Pink Flamingo» Til gullduell
Gullduell
1 Maria Mohn «Fly» Til finalen
2 Trollfest «Dance Like a Pink Flamingo» Ute av tevlinga

Tilbakevendande artistar

Fleire av deltakarane i 2022 har delteke i Melodi Grand Prix tidlegare:

Deltaker Deltok Plassering
Mira Craig 2010 Utslegen i sistesjansen
Christian Ingebrigtsen 2010 Annenplass
Daniel Lukas 2013 (MGPjr) Uplassert i finale
Alexandra Joner 2015 Uplassert i finale
Anna-Lisa Kumoji 2019 Fjerdeplass
Maria Mohn 2020 Utslegen i gullduell av delfinale
Kim Wigaard 2020 Utslegen i gullduell i delfinale

Kjelder

  1. Tangen, Anders Martinius (29. august 2021). «Datoer for MGP 2022 er klare -» (på norsk bokmål). Henta 31. august 2021. 
  2. 2,0 2,1 Hyttebakk, Jon Marius (20. desember 2021). «Annika Momrak, Mikkel Niva og Kåre Magnus Bergh leder MGP 2022». NRK (på norsk bokmål). Henta 20. desember 2021. 
  3. Strand, Marit Sofie (16. desember 2021). «MGP blir uten publikum». NRK (på norsk bokmål). Henta 16. desember 2021. 
  4. 4,0 4,1 4,2 Hyttebakk, Jon Marius (28. mai 2021), «Meld deg på MGP 2022», NRK (på norsk bokmål), henta 22. juli 2021 
  5. Strand, Marit Sofie (27. november 2021). «Slik blir Melodi Grand Prix 2022». NRK (på norsk bokmål). Henta 27. november 2021. 
  6. Fagervold, Endre (25. november 2021). «Forhåndsbilletter til Melodi Grand Prix 2021 legges ut klokken 12:00! Skaff deg billetter på denne måten!». escnorge.no (på norsk bokmål). Henta 25. november 2021. 
  7. Statsministerens kontor (13. desember 2021). «Strengere nasjonale tiltak for å begrense smitten». Regjeringen.no (på norsk). Henta 19. februar 2022. 
  8. Strand, Marit Sofie (16. desember 2021). «MGP blir uten publikum». NRK (på norsk bokmål). Henta 16. desember 2021. 
  9. Eliassen, Heather Ørbeck (2. februar 2022). «MGP med 500 publikummere i salen». NRK (på norsk bokmål). Henta 2. februar 2022. 
  10. Tangen, Anders Martinius (24. oktober 2021). «Endringer i MGP 2022 -» (på norsk bokmål). escnorge.net. Henta 25. oktober 2021. 
  11. Hyttebakk, Jon Marius (10. januar 2022). «Melodi Grand Prix 2022 – deltakere i finalen». NRK (på norsk bokmål). Henta 10. januar 2022. 
  12. 12,0 12,1 «Melodi Grand Prix 2022 – finale». NRK TV. 12. februar 2022. Henta 12. februar 2022. 
  13. Hyttebakk, Jon Marius (14. februar 2022). «Slik blir finalen i Melodi Grand Prix». NRK (på norsk bokmål). Henta 14. februar 2022. 
  14. «Melodi Grand Prix». NRK (på norsk bokmål). Henta 19. februar 2022. 
  15. Ikkjeraud lenkje som bør gjerast om til vanleg lenkje.
  16. Ikkjeraud lenkje som bør gjerast om til vanleg lenkje.
  17. Ikkjeraud lenkje som bør gjerast om til vanleg lenkje.
  18. Ikkjeraud lenkje som bør gjerast om til vanleg lenkje.
  19. Svelstad, Oda Elise (14. januar 2022). «Debutanten møter den erfarne i MGP-duell». NRK (på norsk bokmål). Henta 14. januar 2022. 
  20. Ikkjeraud lenkje som bør gjerast om til vanleg lenkje.
  21. Strand, Marit Sofie (25. januar 2022). «Subwoolfer rammet av korona». NRK (på norsk bokmål). Henta 29. januar 2022. 
  22. Carlsen, Helge (29. januar 2022). «Smitteutbrudd i MGP: – Jobber intenst for å holde produksjonen flytende». NRK (på norsk bokmål). Henta 29. januar 2022. 
  23. Ikkjeraud lenkje som bør gjerast om til vanleg lenkje.
  24. Ikkjeraud lenkje som bør gjerast om til vanleg lenkje.
  25. Ikkjeraud lenkje som bør gjerast om til vanleg lenkje.
  26. Borge, Espen (2. februar 2022). ««Episk, melodisk og annerledes!»». NRK (på norsk bokmål). Henta 5. februar 2022. 
  27. Jostad, Maria (12. februar 2022). «Siste sjanse før MGP-finalen». NRK (på norsk bokmål). Henta 12. februar 2022. 

Read other articles:

Peta infrastruktur dan tata guna lahan di Komune Thouron.  = Kawasan perkotaan  = Lahan subur  = Padang rumput  = Lahan pertanaman campuran  = Hutan  = Vegetasi perdu  = Lahan basah  = Anak sungaiThouron merupakan sebuah komune di departemen Haute-Vienne di Prancis. Lihat pula Komune di departemen Haute-Vienne Referensi INSEE lbsKomune di departemen Haute-Vienne Aixe-sur-Vienne Ambazac Arnac-la-Poste Augne Aureil Azat-le-Ris Balledent La Bazeuge Beaumon...

 

Season of television series Cloak & DaggerSeason 2Promotional posterStarring Olivia Holt Aubrey Joseph Gloria Reuben Andrea Roth J. D. Evermore Emma Lahana No. of episodes10ReleaseOriginal networkFreeformOriginal releaseApril 4 (2019-04-04) –May 30, 2019 (2019-05-30)Season chronology← PreviousSeason 1List of episodes The second and final season of the American cable television series Cloak & Dagger, based on the Marvel Comics characters of the same name, sees ...

 

Ini adalah nama Mandailing, marganya adalah Lubis. Nabilah LubisNabilah LubisLahirNabilah 'Abdel Fattah[1]14 Maret 1942 (umur 82)Kairo, MesirTempat tinggalJakartaPendidikan Universitas Kairo (sarjana, 1963) Universitas Islam Negeri Syarif Hidayatullah Jakarta (magister, 1988) Universitas Islam Negeri Syarif Hidayatullah Jakarta (Doktor, 1992) Universitas Leiden Program Kerjasama Belanda-Indonesia dalam Kajian Islam, 1989–1990 PekerjaanWriterbook translatorphilologistlecturerOrg...

You can help expand this article with text translated from the corresponding article in German. (September 2011) Click [show] for important translation instructions. View a machine-translated version of the German article. Machine translation, like DeepL or Google Translate, is a useful starting point for translations, but translators must revise errors as necessary and confirm that the translation is accurate, rather than simply copy-pasting machine-translated text into the English Wiki...

 

Breed of chicken The topic of this article may not meet Wikipedia's general notability guideline. Please help to demonstrate the notability of the topic by citing reliable secondary sources that are independent of the topic and provide significant coverage of it beyond a mere trivial mention. If notability cannot be shown, the article is likely to be merged, redirected, or deleted.Find sources: Iowa Blue – news · newspapers · books · scholar · JSTOR (...

 

For other uses, see Caserta (disambiguation). This article needs additional citations for verification. Please help improve this article by adding citations to reliable sources. Unsourced material may be challenged and removed.Find sources: Caserta – news · newspapers · books · scholar · JSTOR (May 2022) (Learn how and when to remove this template message) You can help expand this article with text translated from the corresponding article in Italian. ...

Commune in Grand Est, FranceSouain-Perthes-lès-HurlusCommuneThe town hall in SouainLocation of Souain-Perthes-lès-Hurlus Souain-Perthes-lès-HurlusShow map of FranceSouain-Perthes-lès-HurlusShow map of Grand EstCoordinates: 49°11′04″N 4°32′39″E / 49.1844°N 4.5442°E / 49.1844; 4.5442CountryFranceRegionGrand EstDepartmentMarneArrondissementChâlons-en-ChampagneCantonArgonne Suippe et VesleIntercommunalityRégion de SuippesGovernment • Mayor (2...

 

Karl JaspersLahir(1883-02-23)23 Februari 1883Oldenburg, GermanyMeninggal26 Februari 1969(1969-02-26) (umur 86)Basel, SwitzerlandEraFilsuf abad ke-20KawasanFilosofi BaratAliranExistentialism, Neo-KantianismMinat utamaPsychiatry, Theology, Philosophy of HistoryGagasan pentingAxial Age, coined the term Existenzphilosophie, Dasein and Existenz Dipengaruhi Spinoza, Kant, Hegel, Schelling, Weber, Kierkegaard, Nietzsche Memengaruhi Heidegger, Sartre, Camus, Paul Ricoeur, William A. E...

 

Античная философияПредфилософская традиция(VIII—VII вв. до н. э.) Акусилай Гомер Гесиод Лин Мусей Орфей Ферекид Эпименид Натурфилософия(VII—V вв. до н. э.) Милетская школа Фалес Анаксимандр Анаксимен Пифагорейцы Пифагор Алкмеон Кротонский Архит Тимей Локрский Филолай Элеаты...

Lecythidaceae Lecythis pisonis Klasifikasi ilmiah Kerajaan: Plantae (tanpa takson): Tracheophyta (tanpa takson): Angiospermae (tanpa takson): Eudikotil (tanpa takson): Asterid Ordo: Ericales Famili: LecythidaceaeA.Rich.[1] Genera Lihat teks Lecythidaceae merupakan sebuah famili tumbuhan berkayu yang terdiri dari sekitar 20 genus dan 250-300 spesies tumbuhan yang berasal dari Amerika Selatan tropis, Afrika (termasuk Madagaskar), Asia dan Australia. Anggota keluarga yang paling penting...

 

Ommen, adalah sebuah gemeente Belanda yang terletak di provinsi Overijssel. Pada tahun 2006 daerah ini memiliki penduduk sebesar 17.292 jiwa. Lihat pula Daftar Kota Belanda lbsMunisipalitas di provinsi Overijssel Almelo Borne Dalfsen Deventer Dinkelland Enschede Haaksbergen Hardenberg Hellendoorn Hengelo Hof van Twente Kampen Losser Oldenzaal Olst-Wijhe Ommen Raalte Rijssen-Holten Staphorst Steenwijkerland Tubbergen Twenterand Wierden Zwartewaterland Zwolle Artikel bertopik geografi atau tem...

 

Bad Steben Kurhaus di Bad Steben. Lambang kebesaranLetak Bad Steben di Hof NegaraJermanNegara bagianBayernWilayahOberfrankenKreisHofSubdivisions20 ortsteilPemerintahan • MayorBert Horn (CSU)Luas • Total25,84 km2 (998 sq mi)Ketinggian578 m (1,896 ft)Populasi (2013-12-31)[1] • Total3.360 • Kepadatan1,3/km2 (3,4/sq mi)Zona waktuWET/WMPET (UTC+1/+2)Kode pos95138Kode area telepon09288Pelat kendaraanHO (alt: ...

2006 video game 2006 video gameTetris DSNorth American packaging artworkDeveloper(s)Nintendo SPDPublisher(s)NintendoDirector(s)Masaki TawaraProducer(s)Hitoshi YamagamiProgrammer(s)Kazuki YoshiharaMasahiro KawanoArtist(s)Tomoyoshi YamaneNaoko OkamotoYukio MishimaWriter(s)Shuici NarusawaKazuhiro YoshikawaComposer(s)Minako HamanoAkira FujiwaraSeriesTetrisPlatform(s)Nintendo DSReleaseNA: March 20, 2006AU: April 13, 2006EU: April 21, 2006JP: April 27, 2006Genre(s)PuzzleMode(s)Single player, multip...

 

This article is about the album. For the film, see Bill Cosby: Himself. This article needs additional citations for verification. Please help improve this article by adding citations to reliable sources. Unsourced material may be challenged and removed.Find sources: Himself Bill Cosby album – news · newspapers · books · scholar · JSTOR (April 2020) (Learn how and when to remove this message) 1982 soundtrack album by Bill CosbyHimselfSoundtrack...

 

Groupe cathédral de Lyon Présentation Culte Catholique romain Rattachement Archidiocèse de Lyon Géographie Pays France Région Auvergne-Rhône-Alpes Département Rhône Ville Lyon Coordonnées 45° 45′ 39″ nord, 4° 49′ 38″ est Géolocalisation sur la carte : France Géolocalisation sur la carte : Auvergne-Rhône-Alpes Géolocalisation sur la carte : Lyon modifier  Le groupe cathédral de Lyon est formé de la primatiale Saint-Jea...

2020年夏季奥林匹克运动会波兰代表團波兰国旗IOC編碼POLNOC波蘭奧林匹克委員會網站olimpijski.pl(英文)(波兰文)2020年夏季奥林匹克运动会(東京)2021年7月23日至8月8日(受2019冠状病毒病疫情影响推迟,但仍保留原定名称)運動員206參賽項目24个大项旗手开幕式:帕维尔·科热尼奥夫斯基(游泳)和马娅·沃什乔夫斯卡(自行车)[1]闭幕式:卡罗利娜·纳亚(皮划艇)&#...

 

German Nazi, Higher SS and Police Leader, SS-Obergruppenführer Rudolf Querner, 1940 Rudolf Querner (10 June 1893 – 27 May 1945) was a German SS functionary during the Nazi era. He served as the Higher SS and Police Leader in Austria and Germany and was responsible for the evacuations and death marches from concentration camps at the end of the war. Arrested by the Allied authorities, he committed suicide in prison. Early life Querner, the son of a manor owner, was born in Lehnsdorf near Ka...

 

مركز الملك عبدالعزيز للخيل العربية الأصيلة البلد السعودية  المقر الرئيسي الرياض،  السعودية تاريخ التأسيس 1384 هـ مدير عام عبدالعزيز بن سعود المقبل تعديل مصدري - تعديل   مركز الملك عبد العزيز للخيل العربية الأصيلة هو مركز يهتم في إنتاج الخيل وتحسين صفاتها مع استمر�...

American journalist For other people named George Parker, see George Parker (disambiguation). George Wells Parker George Wells Parker (September 18, 1882 – July 28, 1931) was an African-American political activist, historian, public intellectual, and writer who co-founded the Hamitic League of the World. Biography George Wells Parker's parents were born in Virginia and South Carolina, and his family moved to Omaha when Parker was young. While attending Omaha Central High School, he was reco...

 

English trip hop group For the Nicki Minaj song, see Massive Attack (song). Massive Attack3D and Daddy G in Saint Petersburg, 2010Background informationAlso known asMassive[a]OriginBristol, EnglandGenresTrip hopelectronicYears active1988–presentLabelsWild BunchCircaVirginSpinoff ofThe Wild BunchMembers Robert 3D Del Naja Adrian Tricky Thaws Grant Daddy G Marshall Past members Andrew Mushroom Vowles Neil Davidge Horace Andy Stephanie Dosen Tracey Thorn Shara Nelson Websitemassiveatta...