Melodi Grand Prix 1998

Melodi Grand Prix 1998
Dato
Finale 28. februar 1998
Vertskap
Finale Studio 2, NRK Marienlyst, Oslo
Programleiarar Rune Gokstad og Øystein Bache
Kringkastar Norsk rikskringkasting
Deltakarar
Deltakarar 8
Vinnar
Song «All I Ever Wanted Was You»
Artist Lars A. Fredriksen
Resultat i Eurovision Song Contest 1998
Finalepoeng 79
Finaleplass 8.
Noreg i Eurovision Song Contest
Melodi Grand Prix 1997 Melodi Grand Prix 1999

Melodi Grand Prix 1998 var den 37. utgåva av Melodi Grand Prix, Noregs nasjonale uttaking til Eurovision Song Contest. Åtte finalistar deltok i finalen 28. februar 1998 som blei arrangert på NRK Marienlyst i Oslo. Vinnarlåten blei «All I Ever Wanted Was You», framført av Lars A. Fredriksen. Låten er komponert av David Eriksen med tekst av Per Kristian Ottestad. Lars A. Fredriksen representerte også Noreg i den internasjonale finalen i Birmingham, der han framførte låten på norsk under tittelen «Alltid sommer». Bidraget enda på 8. plass med 79 poeng.

Sendinga

For fjerde år på rad blei finalen sendt frå NRK Marienlyst, denne gong med Rune Gokstad og Øystein Bache som programleiarar. Øystein Bache leia også finalen i 1989. For første gong opna NRK for at bidraga kunne syngjast på andre språk enn norsk i den norske finalen. To av dei åtte finalistane blei framførte på engelsk, og «All I Ever Wanted Was You» var den første songen som blei framført på engelsk i ein norsk finale. «Winds of the Northern Sea» blei framført på norsk med engelsk refreng. Bakgrunnen for endringa var at NRK ville gjere tevlinga meir attraktiv for nye låtskrivarar.[1]

Dette året inviterte NRK erfarne komponistar til å levere bidrag. Mellom anna hadde Ingrid Bjørnov skrive melodien «Som en engel», medan Ulf Risnes i Tre små kinesere hadde skrive «Bare du og jeg». G'stén, eller Åge Sten Nilsen, skulle seinare vinne tevlinga i 2005, som frontfigur i Wig Wam. Elisabeth Andreassen var attende i tevlinga og var storfavoritt med «Winds of the Northern Sea». Men tv-sjåarane ville heller ha «All I Ever Wanted Was You», og låten fekk toppoeng frå alle landsdelar. Fagjuryen hadde G'stén som favoritt. Great Garlic Girls underheldt i pausen med parodiar av tidlegare Eurovision-låtar.

Resultat

Nr. Tittel Artist Komponist Tekstforfattar Poeng Plass
A «All I Ever Wanted Was You» Lars A. Fredriksen David Eriksen Per Kristian Ottestad 56 1
B «Bare du og jeg» Christin Hoff og Erik Jacobsen Ulf Risnes 14 6
C «Som en engel» Gjermund Elgenes Ingrid Bjørnov 5 7
D «Always Will» G'stén Kyrre Fritzner Kyrre Fritzner og Åge Sten Nilsen 31 3
E «Winds of the Northern Sea» Elisabeth Andreassen Torhild Nigar Rolf Graf 45 2
F «På do» Bjelleklang Finn Evensen 23 4
G «Nam nam» Tore Holm Geir Olav Bøkestad og Per Kristian Indrehus 4 8
H «En ny mårran» Malin Holberg Stein Berge Svendsen Nora Skaug og Malin Holberg 18 5

Røysting

Resultatet blei avgjort av telefonrøyster som blei fordelt på fem regionar. Kvar region gav 1, 2, 3, 5, 7 og 10 poeng. I tillegg sat ein ekspertjury i studio som gav 2, 4, 6, 10, 14 og 20 poeng. Fagjuryen bestod av: Ellen Foss-Sørensen, Tor Milde, Finn Bjelke, Olve Brekke, Stein Dag Jensen og Silje Stang. Det kom inn rundt 63 000 telefonrøyster.[2]

Nr. Tittel Trondheim Tromsø Bergen Kristiansand Oslo Ekspertjury Totalt
A «All I Ever Wanted Was You» 10 10 10 10 10 6 56
B «Bare du og jeg» 14 14
C «Som en engel» 1 4 5
D «Always Will» 2 2 2 2 3 20 31
E «Winds of the Northern Sea» 7 7 7 7 7 10 45
F «På do» 3 5 5 5 5 23
G «Nam nam» 1 1 1 1 4
H «En ny mårran» 5 3 3 3 2 2 18

Hendingar

Gruppa Tre små kinesere mista ein spelejobb i Bø, fordi vokalist Ulf Risnes hadde levert eit av bidraga til Melodi Grand Prix. Tingingssjef Vidar Skeie ved Kroa i Bø meinte at bandet hadde «mista alt truverd». «Dette kan berre skje i Noreg,» svarte Risnes.[3]

I sterk konkurranse med nye talentprogram som Stjerner i sikte, prøvde NRK å fornye Melodi Grand Prix. Derfor inviterte kanalen utvalde låtskrivarar og bad dei om ikkje å «ta på seg den vanlege MGP-hatten». Prosjektleiar Jon Ola Sand sa også at han ønskte å gjere tevlinga til den «mest attraktive staden å vise norsk mainstream popmusikk».[4] Vinnaren fekk også ros, Dagbladet skreiv at «All I Ever Wanted Was You» ikkje var nokon dum låt å sende til Eurovision Song Contest.[5] Også VG meinte beste melodi vann.[6]

Før finalen var Elisabeth Andreassen usikker på om hun ville stille i tevlinga. Etter å ha rådført seg med platestudio og rådgivarar, bestemte ho seg for å stille til start.[7] Dette var fjerde gong ho deltok i ein norsk finale, og første gong ho ikkje vann.

Også dette året blei det rapportert om problem med telefonrøystinga. Fleire tv-sjåarar melde frå om at dei ikkje fekk røysta, men Telenor avviste at dei hadde hatt tekniske problem. Den dåverande kapasiteten var på 6000 samtalar i minuttet, og Telenor rekna med at rundt 440 000 ikkje kom gjennom i telefonrøystinga. Rundt 63 000 røyster blei registrerte, omtrent det same om året før.[2][8] [9] Dette var også første gong norske sjåarar kunne telefonrøyste i den internasjonale finalen. 1 271 000 sjåarar såg den norske finalen, 37 000 færre enn året før.[10]

Fotnotar

  1. «Norsk Grand Prix på engelsk». Dagbladet. 14. februar 1998. s. 33.
  2. 2,0 2,1 NTB Tekst (1. mars 1998). «Tror på suksess i Birmingham». Norsk Telegrambyrå.
  3. Grønneberg, Anders (2. februar 1998). «Kineser-boikott Skrev Grand Prix-låt, vraket av studenter». Dagbladet. s. 55.
  4. Risnes jr., Per A. (26. februar 1998). «Vil unngå Melodi Grand Kitsj». Bergens Tidende. s. 38.
  5. Grønneberg, Anders (1. mars 1998). «Den beste vant». Dagbladet. s. 34.
  6. Bakkemoen, Kurt (1. mars 1998). «Beste melodi vant». Verdens Gang. s. 45.
  7. Fossum og Rønneberg, Tommy og Anders (14. februar 1998). «Bettan vegrer seg». Dagbladet. s. 32.
  8. Bakkemoen, Kurt (2. mars 1998). «6000 i minuttet». Verdens Gang. s. 44.
  9. Grønneberg, Anders (5. mars 1998). «Den riktige vinneren vant …». Dagbladet. s. 41.
  10. Pettersen, Jørn (3. mars 1998). «Suveren GP-finale». Verdens Gang.

Read other articles:

1er Arrt. Port du Louvre Arrondissement Ier Distrik Panjang  m Lebar  m Dibangun Peresmian [[{{{gambar}}}|230px]] Port du Louvre merupakan sebuah trotoar yang melintasi tepi Sungai Seine (di tepi kanan) ke selatan Louvre di Paris, Prancis. Membentang paralel menuju dan lebih rendah dari Voie Georges Pompidou yang lebih besar di antara trotoar itu dan Louvre. Port du Louvre adalah sebuah rute Arago (Paris Meridian) yang membentang utara-selatan melintasi Paris, dinamai setelah ...

 

Taxi MaximIndustriTeknologi informasiTransportasiDidirikan2003Situs webid.taximaxim.com Taxi Maxim adalah sebuah perusahaan teknologi internasional yang menawarkan layanan transportasi daring, dan menawarkan layanan tambahan seperti pesan-antar makanan dan barang, kargo dan lain-lain.[1][2] Maxim Indonesia Maxim telah beroperasi di Indonesia sejak tahun 2018. Menawarkan beberapa layanan seperti transportasi online (motor dan mobil),[3] pengiriman barang,[4] pes...

 

German heavy bomber during WW2 He 177 Greif The second He 177A-0 production prototype (A-02) with broad-bladed propellers, bearing radio code DL+AQ[1] Role Long-range heavy bomberType of aircraft Manufacturer Heinkel FlugzeugwerkeLicensed to Arado First flight 19 November 1939[2] Introduction 1942 Retired 1945 Primary user Luftwaffe Number built 1,169[3] Variants Heinkel He 274Heinkel He 277 The Heinkel He 177 Greif (Griffin) was a long-range heavy bomber flown by...

Manga in the Pokémon franchise, written by Kosaku AnakuboPokémon (manga) redirects here. For other Pokémon manga, see List of Pokémon manga.Pokémon PocketVolume 1 coverポケットモンスター(Poketto Monsutā) MangaWritten byKosaku Anakubo [ja]Published byShogakukanEnglish publisherSG: Chuang YiMagazineCoroCoro ComicDemographicChildren (boys)Original runNovember 1996 – April 2003Volumes14 MangaRuby-SapphireWritten byKosaku AnakuboPublished byShogaku...

 

For the former Division I conference, see East Coast Conference (Division I). This article needs additional citations for verification. Please help improve this article by adding citations to reliable sources. Unsourced material may be challenged and removed.Find sources: East Coast Conference – news · newspapers · books · scholar · JSTOR (June 2013) (Learn how and when to remove this template message) East Coast ConferenceAssociationNCAAFounded1989Com...

 

Jamal Zahalka Faksi yang diwakili dalam Knesset Informasi pribadiLahir11 Januari 1955 (umur 69)Kafr Qara, IsraelSunting kotak info • L • B Dr Jamal Zahalka (Arab: جمال زحالقةcode: ar is deprecated , Ibrani: ג'מאל זחאלקה; lahir 11 Januari 1955) adalah seorang politikus Arab-Israel. Ia menjabat sebagai anggota Knesset untuk Balad antara 2003 dan 2019, dan menjadi ketua parpol tersebut antara 2007 dan 2019. Pranala luar Jamal Zahalka di situs web Knesse...

The Moving Picture WorldSampul edisi 4 Januari 1913, menampilkan adegan dari A Sicilian Heroine, sebuah film ItaliaKategoriFilmHiburanTerbitan pertama1907Terbitan terakhirDesember 1927NegaraAmerika SerikatBerpusat diKota New YorkBahasaInggrisOCLC number1717051 The Moving Picture World, adalah sebuah jurnal awal perdagangan yang berpengaruh bagi industri film Amerika Serikat, dari tahun 1907 hingga 1927.[1] Sebuah jurnal besar di industri film pada puncaknya, Moving Picture World serin...

 

Electronic numeric display device Digitron redirects here. For a calculator company, see Digitron (company). The ten digits of a GN-4 Nixie tube A Nixie tube (English: /ˈnɪk.siː/ NIK-see), or cold cathode display,[1] is an electronic device used for displaying numerals or other information using glow discharge. Inside a broken Nixie tube The glass tube contains a wire-mesh anode and multiple cathodes, shaped like numerals or other symbols. Applying power to one cathode surrounds it...

 

2006 studio album by Paul McCartneyEcce Cor MeumStudio album by Paul McCartneyReleased25 September 2006Recorded13–17 March 2006StudioAbbey Road, LondonGenreClassical, carol, hymnLength56:50LanguageEnglish, LatinLabelEMI ClassicsProducerJohn FraserPaul McCartney chronology Never Stop Doing What You Love(2005) Ecce Cor Meum(2006) Memory Almost Full(2007) Paul McCartney classical album chronology Working Classical(1999) Ecce Cor Meum(2006) Ocean's Kingdom(2011) Professional ratingsRev...

Cet article est une ébauche concernant l’art et une chronologie ou une date. Vous pouvez partager vos connaissances en l’améliorant (comment ?) selon les recommandations des projets correspondants. Chronologies Données clés 1608 1609 1610  1611  1612 1613 1614Décennies :1580 1590 1600  1610  1620 1630 1640Siècles :XVe XVIe  XVIIe  XVIIIe XIXeMillénaires :-Ier Ier  IIe  IIIe Chronologies thématiques Art Architecture, Arts...

 

Rupture in a planet's crust where material escapes This article is about the geological feature. For other uses, see Volcano (disambiguation) and Volcanic (disambiguation). Sabancaya volcano erupting, Peru in 2017A volcano is a rupture in the crust of a planetary-mass object, such as Earth, that allows hot lava, volcanic ash, and gases to escape from a magma chamber below the surface. On Earth, volcanoes are most often found where tectonic plates are diverging or converging, and because most ...

 

Events at the1999 World ChampionshipsTrack events100 mmenwomen200 mmenwomen400 mmenwomen800 mmenwomen1500 mmenwomen5000 mmenwomen10,000 mmenwomen100 m hurdleswomen110 m hurdlesmen400 m hurdlesmenwomen3000 msteeplechasemen4 × 100 m relaymenwomen4 × 400 m relaymenwomenRoad eventsMarathonmenwomen20 km walkmenwomen50 km walkmenField eventsHigh jumpmenwomenPole vaultmenwomenLong jumpmenwomenTriple jumpmenwomenShot putmenwomenDiscus throwmenwomenHammer throwmenwomenJavelin throwmenwomenCombined ...

Ahmad MuzaniPotret resmi sebagai Wakil Ketua Majelis Permusyawaratan Rakyat Republik Indonesia periode 2019–2024 Wakil Ketua Majelis Permusyawaratan Rakyat Republik IndonesiaPetahanaMulai menjabat 26 Maret 2018Menjabat bersama Periode 2014–2019 Mahyudin Evert Ernest Mangindaan Hidayat Nur Wahid Oesman Sapta Odang Muhaimin Iskandar Ahmad Basarah Periode 2019–2024 Fadel Muhammad Ahmad Basarah Lestari Moerdijat Hidayat Nur Wahid Jazilul Fawaid Zulkifli Hasan Syarief Hasan Arsu...

 

Prison farm in Texas This article uses bare URLs, which are uninformative and vulnerable to link rot. Please consider converting them to full citations to ensure the article remains verifiable and maintains a consistent citation style. Several templates and tools are available to assist in formatting, such as reFill (documentation) and Citation bot (documentation). (September 2022) (Learn how and when to remove this message) W. F. Ramsey UnitLocation1100 FM 655 Rosharon, Texas 77583Coordinate...

 

一中同表,是台灣处理海峡两岸关系问题的一种主張,認為中华人民共和国與中華民國皆是“整個中國”的一部份,二者因為兩岸現狀,在各自领域有完整的管辖权,互不隶属,同时主張,二者合作便可以搁置对“整个中國”的主权的争议,共同承認雙方皆是中國的一部份,在此基礎上走向終極統一。最早是在2004年由台灣大學政治学教授張亞中所提出,希望兩岸由一中各表�...

American lawyer, author, and politician (1944–2024) This article needs additional citations for verification. Please help improve this article by adding citations to reliable sources. Unsourced material may be challenged and removed.Find sources: George Nethercutt – news · newspapers · books · scholar · JSTOR (June 2024) (Learn how and when to remove this message) George NethercuttMember of the U.S. House of Representativesfrom Washington...

 

American football player (born 1947) For the Australian rules footballer, see Jim Plunkett (Australian footballer). American football player Jim PlunkettPlunkett in 2018No. 16Position:QuarterbackPersonal informationBorn: (1947-12-05) December 5, 1947 (age 76)San Jose, California, U.S.Height:6 ft 3 in (1.91 m)Weight:220 lb (100 kg)Career informationHigh school:William C. Overfelt (San Jose, California) James Lick (San Jose, California)College:Stanford (1968–1970...

 

Monica Vitti alla presentazione del suo romanzo Il letto è una rosa nel 1995 Monica Vitti, pseudonimo di Maria Luisa Ceciarelli (Roma, 3 novembre 1931 – Roma, 2 febbraio 2022[1]), è stata un'attrice italiana. La sua caratteristica voce roca e l'innata verve l'hanno accompagnata per quasi quarant'anni di carriera cinematografica, dalle interpretazioni drammatiche nella tetralogia dell'incomunicabilità di Michelangelo Antonioni (L'avventura, La notte, L'eclisse e Il deserto rosso)&...

城西短期大学[注 1] 東京紀尾井町キャンパス大学設置/創立 1983年学校種別 私立設置者 学校法人城西大学本部所在地 埼玉県坂戸市けやき台1-1北緯35度55分56.26秒 東経139度20分26.68秒 / 北緯35.9322944度 東経139.3407444度 / 35.9322944; 139.3407444座標: 北緯35度55分56.26秒 東経139度20分26.68秒 / 北緯35.9322944度 東経139.3407444度 / 35.9322944; 139.3407444キャ�...

 

4th century opponent of Christian asceticism JovinianImaginary portrait, c. 1700Born4th century ADCordueneDied405Theological workEraPatristic AgeTradition or movementJovinianismMain interestsAsceticismNotable ideasOpposition to MonasticismEquality in heavenOpposition to ascetismDenial of the perpetual virginity of Mary Part of a series onHedonism Thinkers Ajita Kesakambali Jeremy Bentham John Stuart Mill Jovinian Julien Offray de La Mettrie Aristippus Epicurus Fred Feldman Theodorus the...