Songen enda på andreplass i den tredje delfinalen i Melodi Grand Prix 2012 og gjekk vidare til finalen. Der gjekk han vidare til gullfinalen og vann med 155 480 røyster. Songen fekk dimed representere Noreg i Eurovision Song Contest 2012.
Eurovision Song Contest 2012
Songen starta som nummer 16 i den andre semifinalen og gjekk vidare til finalen. Poenga frå semifinalen vart ikkje offentleggjort før etter hovudfinalen. Her enda han på ein absolutt sisteplass med 7 poeng frå Island, Nederland og Sverige.[1] Same kvelden vart poengresultata frå semifinalane offentleggjort, og det viste seg at songen også der vart den siste av dei ti som vart teken med i finalen.[2]