Magic and Loss er det sekstande studioalbumet til den amerikanske musikaren Lou Reed, gjeve ut i januar 1992 på Sire Records. Det var eit konseptalbum og den høgaste plasseringa eit Lou Reed-album klarte på UK Albums Chart, då det nådde sjetteplassen.[1]
Bakgrunn
Magic and Loss var opphavleg tenkt å hovudsakleg handle om tema kring magi etter at Reed høyrde soger om magikarar i Mexico. Under låtskrivinga mista Reed to gode vener og Reed utvida fokuset til òg å handle om tap og død.[2]Magic and Loss var delvis inspirert av sjukdom og død hos to nære vener: låtskrivaren Doc Pomus, som hjelpte Reed inn i musikkbransjen 25 år tidlegare,[3] og «Rita», som truleg var Rotten Rita, ein person som høyrte til miljøet kring Andy Warhol på midten av 1960-åra.[4] Fotografi av Pomus og eit kvinneandlet dekkjer midten av tekstheftet som følgde CD-utgjevinga.[5]
Jazzsongaren Little Jimmy Scott syng korvokal på song tre, «Power and Glory». Ei konsertframføring av albumet vart filma den 18. mars 1992 i Pinewood Studios i London og dette vart gjeven ut på VHS og LaserDisc.[6]
Singelen «What's Good»/«The Thesis» kom ut i mars og vart den andre singelen til Reed (etter «Dirty Blvd.») som gjekk til topps på BillboardModern Rock Tracks-lista,[7] og låg på toppen i tre veker. 12"-versjonen av singelen inneheld Reed som les «Harry's Circumcision» og «A Dream». Ein lengre versjon av «What's Good» kom ut tidlegare på filmmusikkalbumet til Wim Wenders-filmen Until the End of the World i 1991.[8]
Magic and Loss vart stemt fram som det 16. beste albumet det året i den årlege Pazz & Jop-kåringa blant kritikarar, publisert i The Village Voice for 1992. Robert Christgau, som skapte undersøkinga, kritiserte at så mange stemte på albumet sidan han meinte det var eit «mislykka konsept» øydelagd av at Reed hadde eit uinteressant syn på døden.[19] Christgau gav albumet karakteren «verken eller» i si eiga melding, og indikerte at albumet ikkje fristar til gjentekne lyttaringar trass i at det hang saman og hadde eit eller to høgdepunkt.[20] I ei positiv melding skreiv Greg Kot i Chicago Tribune at albumet sner «ein stor rockar på sitt mektigaste: Slåande melodiar, gripande tekstar, ærlege kjensler strippa for melodrama.»[10]
Innhald
Alle spor skrivne av Lou Reed, bortsett frå der anna er nemnd
Nr.
Tittel
Låtskrivar(ar)
Lengd
1.
«Dorita - The Spirit»
1:07
2.
«What's Good - The Thesis»
3:22
3.
«Power and Glory - The Situation»
Lou Reed, Mike Rathke
4:23
4.
«Magician - Internally»
6:23
5.
«Sword of Damocles - Externally»
3:42
6.
«Goodby Mass - In a Chapel Bodily Termination»
4:25
7.
«Cremation - Ashes to Ashes»
2:54
8.
«Dreamin' - Escape»
Reed, Rathke
5:07
9.
«No Chance - Regret»
3:15
10.
«Warrior King - Revenge»
4:27
11.
«Harry's Circumcision - Reverie Gone Astray»
5:28
12.
«Gassed and Stoked - Loss»
Reed, Rathke
4:18
13.
«Power and Glory, Part II - Magic - Transformation»