Berlin er det tredje studioalbumet til den amerikanske musikaren Lou Reed, gjeve ut i oktober 1973 på RCA Records. Berlin er eit konseptalbum som fortel soga om eit par som slit med dopmisbruk og mishandling. I starten fekk albumet middels mottaking, men albumet har vokse hos kritikarane gjennom åra. I 1973 erklærte Rolling Stone albumet som «ein katastrofe», men i 2012 vart det rangert på 344. plassen på lista deira over dei 500 beste albuma gjennom tidene.[1][2]
Bakgrunn
Albumet er ein tragisk rockeopera om eit fordømd ektepar, Jim og Caroline, og tar opp tema som dopmisbruk, prostitusjon, depresjon, vald i heimen og sjølvmord.[3] Konseptet vart skapt då produsenten Bob Ezrin nemnde for Lou Reed at sjølv om sogene Reed fortalte i songane sine hadde flotte byrjingar, fortalde han aldri korleis dei enda. Ezrin ønskte særskild å vite kva som skjedde med paret i songen «Berlin» – ein song frå det første soloalbumet til Reed.[4]
«The Kids» fortel om styresmaktene som tek borna til Caroline frå henne og ein kan i songen høyre borna som ropar etter mora. Dette er borna til Bob Ezrin, og lenge gjekk det rykte om at han hadde fått dei til å grine ved å fortelje ungane at mora deira aldri kom til å kome heim igjen, men dette er avkrefta av Ezrin sjølv.
Konsertframføring
Reed og produsenten Bob Ezrin planla ei sceneframføring av albumet då det kom ut, men dette vart skrinlagd på grunn av blanda kritikk og dårleg sals av albumet. I 2007 fullførte Reed desse planane med eit 30 mann stort orkester, 12 korsongarar og Anohni.[5] Regissør Julian Schnabel filma konserten som vart gjeven ut i 2008 som Lou Reed's Berlin, som fekk god kritikk.[6][7] Albumet vart digitalt nymastra og gjeven ut på ny same året.
Musikalske tema
Instrumentalt speler Reed akustisk gitar. Som med dei to førre studioalbuma til Reed, var fleire av songane på Berlin alt skrivne og spelte inn tidlegare. Tittelsporet vart først gjeven ut på debutalbumet til Lou Reed som soloartist, Lou Reed, berre her med forenkla tekst, i ein annan toneart og omskrive for piano. «Oh, Jim» er ei nyinnspeling av eit unytta Velvet Underground-opptak kalla «Oh, Gin». «Caroline Says (II)» er ei omskriving av «Stephanie Says», som sidan kom ut på VU. Velvet Underground spelte òg inn ein demo av «Sad Song», som i originalen hadde langt mildare tekst. «Men of Good Fortune» vart òg spelt av Velvet Underground så tidleg som i 1966, eit konsertopptak finst, men kan berre høyrast på The Andy Warhol Museum i Pittsburgh i Pennsylvania.
Plateomslag
Plateomslaget vart laga av Pacific Eye & Ear, som òg designa Alice Cooper sitt Muscle of Love same året.[8][9] Den første tekstlinja frå «Berlin» står skriven under ein collage av karakterar frå konseptalbumet.[10]
Stephen Davis skreiv ei melding av albumet i desember 1973 for Rolling Stone, og meinte albumet var «ein katastrofe». Han mislikte verda av «paranoia, schizofreni, forfall, vald i pillerus og sjølvmord» som albumet introduserte lyttaren for, i tillegg til den «talte og ropte» framføringa til Reed.[1]Robert Christgau skreiv i februar 1974 for Creem at han følte soga om «to dopmisbrukarar som fell inn i ein sado-maso i eit spanande dekadent Berlin» var «elendig» og at musikken «berre var kompetent».[13]
Berlin nådde sjuandeplassen på den britiske albumlista (den beste plasseringat til Reed før Magic and Loss i 1992). BPI gav albumet sølvplate for salet i Storbritannia. I USA selde det dårleg (98. plassen) og fekk dårleg kritikk, slik at Reed kjende seg desillusjonert over albumet, men spelte likevel ofte songar frå Berlin på konsertane sine, og og nesten alle songane på albumet er å finne på ulike konsertalbum før sceneframferda av heile alblumet i 2006.
Cash Box meinte at «How Do You Think it Feels» er «den typen smittande song som folk ikkje gløymer,» sjølv om «teksten er tung.»[20]
Ettermæle
I 2003 rangerte Rolling StoneBerlin på 344. plassen på lista si over dei 500 beste albuma gjennom tidene,[21] og albumet hadde same plassering på den reviderte lista deira i 2012.[2] I 2008 fekk den filma konsertframføringa av albumet god omtale. Då Reed vart spurt om han følte han hadde fått oppreising sa han «For kva? Eg har alltid liktBerlin.»[22] Albumet vart òg inkludert i boka 1001 Albums You Must Hear Before You Die.[23]
Det skotske folkrockbandet The Waterboys tok namnet sitt frå ei linje i songen «The Kids».[24] Namnet til den meksikanske og spanske songaren Alaska var inspirert av songen «Caroline Says II».[25]
På den opphavlege 8-spors lydband og kassettutgåva av Berlin var det ein eitt minuttar lang, instrumental pianosolo spelt av Allan Macmillan, som spelte piano på tittelsporet. Denne var plassert mellom songane «Berlin» og «Lady Day». Denne har elles aldri kome ut på vinyl eller CD, eller nokre andre seinare utgåver.[27] Det har aldri kome noko offisiell forklaring for dette, sjølv om mange meinte han var plassert der for å fylle ut tida slik at ein kunne klare å få fire program inn på 8-sporsversjonen utan at songane vart brotne opp. I 2006, då Reed framførte heile albumet i St. Ann's Warehouse i New York, var denne soloen med, framført før «Caroline Says II».[28]