Ecstasy er det 18. albumet til den amerikanske musikaren Lou Reed, gjeve ut i 2000. Det er eit konseptalbum om dei personlege erfaringane til Reed om ekteskap og forhold. Det er òg det siste rockealbumet hans som ikkje var eit samarbeid.[1]
Fotografiet på framsida er teken av Stefan Sagmeister, som instruerte Reed om masturbere bak eit forheng for å uttrykke kjensla av skamlaus ekstase.[2]
Songar
Albumet byrjar med «Paranoia in the Key of E» som vekslar mellom I_IV-akkordar i E-dur. Patrick Stickies for Stereogum skriv at songen «gjev plass til ein arrogant groove som er meir effektiv og dansbar enn noko Rolling Stones har klart i same hundreår.»[3] Songen utforskar tema som ekteskap, dekadanse og utskeiingar.
«Mystic Child» er basert rundt A-akkorden og følgjer ein rettfram rockebeat, omtrent som det førre sporet på albumet, «Paranoia in the Key of E». Teksten refererer til alkohol («Liquor shifting through the brain»), galskap («The manic depressive goes insane»), og «Situation X».[3]
Albumet fortset med «Mad» hylla av kritikaren Robert Christgau som «den mest originale songen på plata»[4] og i ei melding for Rolling Stone omtalte han songen som «utruleg». Songen er fortald frå perspektivet til ein mann som er utru mot partnaren sin. Teksten kan referera til ein tidlegare song av Lou Reed som blir tilbakedatert til tida hans i Velvet Underground: «Pale Blue Eyes», og teksten «But mostly you just make me mad, baby you just make me mad.» Begge songane skildrar utanomekteskapelege forhold i livet til Reed.
Tittelsporet «Ecstasy» utforskar tema som masochisme og besettelse. Melodien er uvanleg samanlikna med det meste av albumet som er i sjangeren rettfram rock. Songen vekslar mellom F- og E-durakkordane[5] som vanlegvis er assosiert med frygisk dominant skala i E, ofte nytta i flamenco.
«Modern Dance» vart av Christgau skildra som ein «eksistensialistisk spøk»,[6] og reflekterer over tidlegare avgjerder av Reed, og funderer over i kva grad han burde bu ein annan stad: «Maybe its time to see Tangiers, A different life-style, some different fears, And maybe I should be in Edinburgh, In a kilt in Edinburgh.» Reed refererer òg til forureining (The smell of exhaust, the smell of strife) og grublar over tidlegare forhold («It's all downhill after the first kiss»). Songen følgjer ein I-II-IV akkordprogresjon i A-dur før D-dur blir ein D-mollakkord.[7]
«Tatters» er omtalt av Mark Deming som ein song som «dokumenterer eit forhold i det det kollapsar.»[3] Songen er ein langsam refleksjon over forhold i tema med resten av albumet som utforskar ekteskap, affærar og deira emosjonelle og fysiske ekstremitetar.
«Future Farmers of America» er ein to-akkords rock and roll-kommentar om raserelasjonar, som av kritikar Kristin Sage Rockermann vart skildra som «krympeframkallande.»[3] Han går på litt over tre minutt og er ein av dei kortare songane på albumet.
«Turning Time Around» er ein annan langsam ballade-aktig utforsking av eit romantisk forhold, som opnar med å stilla spørsmålet «Kva kallar du kjærleik?»
«White Prism» er sitert av Mark Deming som der «Eros vanlegvis er rotete» på albumet.[4] Songen utforskar tema om aldring og sex. Han er i G-dur.
«Rock Minuet» er ein av dei mest hylla songane på albumet, sitert av Julian Schnabel som ein av favorittsongane hans av Lou Reed. Songen følgjer eit enkelt riff spelt på gitar medan Reed speler ein solo over han. Det blir òg brukt strykarar saman med Laurie Anderson, som Reed ofte samarbeidde med og var gift med, som speler elektrisk fiolin. Songen blir spelt i 3/4-takt, og speglar den franske sosiale dansen. Songen utforskar det «usunne og perverse»[5] ved å dokumentere livet til ein ung mann og tilknytinga hans til narkotika og sjokkerande seksuelle fantasiar («thrill of the needle and anonymous sex») som relaterer det til valdsbruken til faren hans («His mother on all fours, ah, with his father behind»).
«Baton Rouge» blir av Mark Deming skildra som «ein eksentrisk, men rørande elegi for ein kjærleik som ikkje varte.»[3] Han er i G-dur.
«Like a Possum» har blitt kraftig kritisert, og ein kritikar kalla songen «uuthaldeleg»[7] mest på grunn av lengda på litt over 18 minutt. Patrick Stickles frå Stereogum skildra musikken som å vera «gigantiske gitartonar i teneste for sakte å slynga eit rudimentært to-akkord-riff», og eit «monolittisk strafftårn». [3] Mark Deming skriv likevel «Aldri la det bli sagt at Lou Reed har mista evna til å overraska publikummet sitt.»[8]
«Like a Possum» blir følgd av «Rouge», ein instrumental på eitt minutt spelt på strykarar og bass.
Albumet blir avslutta med «Big Sky», som Patrick Stickles skildra som ein «ærleg, oppløftande, livsstadfestande, knyttnevepumpande rockeanthem, slike som han så flittig hadde unngått i nesten heile karrieren.» [3] Mark Deming skildra songen som ein «oppløftande avsluttar» og konkluderer med at han «beviser at sjølv dei ujamne albuma hans inkluderer nokre få songar du absolutt vil ha i samlinga di.»[3]
Robert Christgau sette albumet høgt og skreiv: «Viss solokarrieren hans produserte eit meisterverk på skalaen til ditt VU-favorittalbum, er dette, som i røynda er eit farvel, akkurat det.»[1]Rolling Stone hevda i ein firestjerners melding at albumet var «ein kompleks, musikalsk nydeleg syntese av tvangstankane som dreiv det mislykka Berlin frå 1973 og dei store ekteskapsalbuma hans frå dei tidlege åttitala, særskild The Blue Mask».[16] I ei melding frå Allmusic konkluderer Mark Deming i ei melding til tre stjerner at Reed «nok ein gang beviser at sjølv dei ujamne verka hans inkluderer nokre få songar du absolutt vil ha i samlinga di»[17] før han spøkefullt la til «så lenge sidan dei ikkje handlar om pungrotter» som refererer til songen «Like a Possum» som han skildra som «den mest spektakulære feilen til albumet.»
Mark Deming var ikkje åleine om å fordømma «Like a Possum». I ei melding for Pitchfork skildra Kristin Sage Rockermann songen som eit «forsøk på å kopla saman eit langt dikt med merkeleg lydcollage, som skyv «possum» inn i kategorien «det uuthaldelege».[18] Patrick Stickles som skreiv for Stereogum skildra songen som eit «monolittisk strafftårn».[19]
«Rock Minuet» vart sitert av Julian Schnabel som hans favoritt av Lou Reed, og han resiterte teksten medan han dukka opp i lag med Reed på showet Spectacle Elvis Costello with....[20]
Robert Christgau plasserte albumet på åttandeplassen på Pazz & Jop-lista for det året, og albumet kom på 63. plassen på kritikaravstemminga. Christgau avskreiv avgjerda og skreiv «preferansen til veljarane for den unge gjentakaren Elliott Smith sitt mest suppete album, for ikkje å nemna dei gamle fisane i Jayhawks, gjer meg galen», og refererte til ein annan song frå albumet: «Mad»,[21] ein songen han roste som den mest originale på plata.[22]