Den tyrkiske invasjonen i 1974 okkuperte 36 % av øya og delte hovudstaden i to. Etter det har den nordlege delen av busetnaden vore utanfor kontroll frå styresmaktene, frå 1983 administrert av Den tyrkiske republikken Nord-Kypros som kommunen Lefkoşa (Nord-Levkosía) i distriktetLefkoşa.[3] Dei tyrkiske kypriotane nyttar byen som hovudstad i Nord-Kypros, som ikkje er internasjonalt anerkjend av andre land enn Tyrkia.
Levkosía er ein moderne, dynamisk hovudstad med mange butikkar, restaurantar og underhaldning. Byen er eit handelssentrum og produserer tekstilar, lêr, keramikk, plastikk og andre produkt. I nærleiken ligg kopargruver. I den sørlege forstaden Latsiá ligg Kypros universitet.
Administrasjon og folketal
Levkosía, republikken Kypros
Ved folketeljinga i 2011 hadde den delen av kommunen Levkosía som er under kontroll av styresmaktene, 55 014 innbyggjarar, fordelt på bydelane:[4]
Byen vart grunnlagd av egyptarar på 300-talet. I antikken vart byen kalla Ledrae. Det greske namnet Levkosía kjem frå Ptolemaios I av Egypt sin son, som grunnla byen. På 1000-talet vart byen hovudstad på Kypros. Under namnet Ledrea kom Levkosía inn under Venezia i 1489. Namnet Nikosia byrja ein å bruke på 1100-talet. Då osmanarane erobra byen i 1570 vart om lag 20 000 menneske skada. Rundt 1960, då Kypros fekk sjølvstende av Storbritannia, starta ein valdeleg periode mellom dei greske og tyrkiske kypriotane, og i 1974 invaderte Tyrkia øya. Sidan den gong har det byen har vore delt av ei SN-sone i byen, «den grøne linja».
↑«Municipalities» (på engelsk). Union of Cyprus Municipalities – Unionen av kypriotiske kommunar. Arkivert frå originalen 29. januar 2023. Henta 17. september 2023.