Kíados (gresk Κιάδος, tyrkisk Serdarlı) eller Tziáos (gresk Τζιάος) er ein landsby på Kypros og ein lokalstyrt busetnad i distriktet Ammókhostos i Republikken Kypros.[2]
Etter den tyrkiske invasjonen i 1974 har busetnaden vore utanfor kontroll frå styresmaktene. Frå 1983 er han administrert av Den tyrkiske republikken Nord-Kypros som kommunen Serdarlı i distriktet Gazimağusa.[1]
Ved folketeljinga i 2011 hadde nord-kypriotiske kommunen Serdarlı 2 411 innbyggjarar, fordelt på busetnadane:[1]
- Serdarlı (Kíados) (1 055 innbyggjarar)
- Ergenekon (Ájos Kharíton) (96 innbyggjarar)
- Gönendere (Knódara) (389 innbyggjarar)
- Görneç (Kornókipos) (507 innbyggjarar)
- Pınarlı (Vitsáda) (167 innbyggjarar)
- Tirmen (Trypiméni) (197 innbyggjarar)
Referansar