Louroukína (gresk Λουρουκίνα , tyrkisk Akıncılar) eller Louroutzína (gresk Λουρουτζίνα) er ein landsby på Kypros og ein lokalstyrt busetnad i Levkosía i Republikken Kypros.[2]
Etter den tyrkiske invasjonen i 1974 har det meste av Louroukína vore utanfor kontroll frå styresmaktene, frå 1983 administrert av Den tyrkiske republikken Nord-Kypros som kommunen Akıncılar i distriktet Lefkoşa.[1]
Ved folketeljinga i 2011 hadde den delen av Louroukína som framleis er under kontroll av republikken Kypros 11 innbyggjarar.[3] Den delen som er administrert av Nord-Kypros hadde i 2011 390 inbyggjarar.[1]
Referansar