Trákhonas (gresk Τράχωνας, tyrkisk Kızılay) ligg i den nordvestlege delen av byområdet til Levkosía på Kypros og er ein lokalstyrt busetnad i distriktet Levkosía i Republikken Kypros.[2]
Etter den tyrkiske invasjonen i 1974 har området vore utanfor kontroll frå styresmaktene, frå 1983 administrert av Den tyrkiske republikken Nord-Kypros som ein del av kommunen Lefkoşa (Levkosía) i distriktet Lefkoşa.[1]
Ved folketeljinga i 2011 var området delt i bydelane:[1]
- Kızılay (3 535 innbyggjarar)
- Taşkınköy (3 847 innbyggjarar)
Kızılay inngår i storbyområdet til Lefkoşa (Nord-Levkosía).[3]
Referansar