Omorfíta (gresk Ομορφίτα, tyrkisk Küçük Kaymaklı, "Vesle Kaimaklí") er ein bydel i byen Levkosía i distriktet Levkosía i Republikken Kypros. Bydelen ligg nord i byen og grensar i nord til Mándres og Trákhonas.
Etter den tyrkiske invasjonen i 1974 har den nordlege delen av bydelen vore utanfor kontroll frå styresmaktene, frå 1983 administrert av Den tyrkiske republikken Nord-Kypros som ein bydel i Lefkoşa (Nord-Levkosía).[1]
Ved folketeljinga i 2011 hadde den delen av Omorfíta som framleis er under kontroll av republikken Kypros 284 innbyggjarar.[2] Den delen som er administrert av Nord-Kypros blir rekna saman med Büyük Kaymaklı (Kaimaklí). Dei hadde i alt 10 572 inbyggjarar i 2011.[1]
Kjelder