Kong Oscar IIs kapell
Kong Oscar IIs kapell er eit kapell som ligg i Grense Jakobselv i Sør-Varanger kommune i Finnmark. Kapellet vart reist for å markere grensa mot Russland, etter at russarane ikkje hadde respektert den norske grensa etter grenseoppgangen i 1826. Kapellet er ei langkyrkje i stein med 72 plassar. Det vart vigsla den 26. september 1869 av biskop Fredrik Waldemar Hvoslef, og ombygd i 1992. Arkitekt for kapellet var Jacob Wilhelm Nordan. Den første norske busetjinga i Grense Jakobselv kom i 1851. Etter grenseoppgangen i 1826 var det lenge usemje mellom norske styresmakter og russiske fiskarar om riksgrensa. Etter innrapportering av mange harde konfrontasjonar mellom norsk oppsyn og russiske fiskarar, foreslo Amtmannen i Finnmark å la eit orlogsfartøy frå marinen ta fiskerioppsynet dei månadene fiskeriet fann stad. Innanriksdepartementet ønskte ei uavhengig gransking av tilhøva og sende kapteinløytnant Heyerdahl nordover for å setje seg inn i saka. Heyerdahl foreslo å reise eit kapell ved Grense Jakobselv. Parallellen til det russisk-ortodokse kapellet i Boris Gleb er slåande, ettersom nettopp det hadde vore avgjerande ved grenseoppgangen i 1826. Eit evangelisk-luthersk kapell ville vere ei udiskuterbar grensemarkering for grensa mellom Noreg og Russland. Dermed fall den nasjonale tryggingspolitikken og interessene til innbyggjarane i Grense Jakobselv saman. I 1865 vart det bestemt at det skulle byggjast eit kapell i «Grensen» og samtidig ein prestegard. Sommaren 1869 stod det nye kapellet bygd av gråstein ferdig, og i september same år vart det vigsla av biskop Fredrik Waldemar Hvoslef. Namnet sitt fekk kapellet først då kong Oscar II vitja det 4. juli 1873. Til minne om besøket gav han kapellet ei marmorplate med innskrifta: «Kong Oscar II hörte Guds Ord her d. 4. Juli 1873» og på samisk: «Gonagas Oskar II gulai Jbmel sane dabe d. 4. Juli 1873». Samtidig ytra han eit ønske om å få kyrkja oppkalla etter seg. Sidan kapellet vart eit viktig kjennemerke for sjøfolk og for at det skulle bli endå meir synleg frå sjøen, vart kapellet kvitkalka i 1883 og igjen i 1884. Denne kvitkalkinga vart fjerna i 1969 i samband med 100-årsjubileet til kapellet. Alt kyrkjesølvet vart stole under frigjeringa av Finnmark i 1944. Bakgrunnsstoff
|