Berlevåg kyrkje er ei langkyrkje frå 1960 som står i tettstaden Berlevåg i Berlevåg kommune i Finnmark.
Kyrkja er bygd i betong og har sitjeplassar til 300 personar. Arkitekt for bygget var Hans Magnus. Inventaret er frå byggeåra eller seinare. Altertavla er laga av Kåre Jonsborg.
Berlevåg kyrkje er soknekyrkje i Berlevåg sokn i Varanger prosti.