I 1959 vart khanti tala av 77 % av eit folketal på 19 410 khantiar. I 1970 var tala 68,9 % av 21 138, i 1989 60,5 % av 28 678, i 2002 48,8 % av 28 678 og i 2010 31,0 % av 30 943.
Dialektar
Khanti er eigentleg tre ulike språk (nord-, aust- og sørkhanti), som kvar for seg er delt opp i svært mange dialektar.
Skriftspråk
Før den russiske revolusjonen vart det publisert ein del religiøse skrifter på khanti. Rett etter revolusjonen fekk khanti, som så mange språk i Sovjetunionen, eit eige skriftspråk, basert på det latinske alfabetet. I tråd med skiftet i den sovjetiske politikken i 1935 vart dette skriftspråket skifta ut med eit skriftspråk det kyrilliske alfabetet.