Den nordaustlege delen av det austersjøfinske språkområdet består av fleire ulike dialektar og språk, og inndelinga er omstridd. Dei fleste er samd i at det i tillegg til og nord for vepsisk er to ulike språk, karelsk og livvisk (onegakarelsk, fi. livvi eller aunuksenkarjala), med lydisk som enten eit eige språk eller som ei overgangsform mellom karelsk og vepsisk. Desse hovudgreinene er ulike nok til at det har vore umogleg å skape eit felles skriftspråk. No finst det skriftspråk for karelsk (språket handsama i denne artikkelen), livvi, lydisk og for vepsisk.
karelsk
nordkarelsk eller kvitsjøkarelsk (fi. vienankarjala)
sørkarelsk
øykarelsk (vart snakka i Käxholms län (Käkisalmen lääni) fram til 1600-talet)
tverkarelsk
dorža
maksuatiha
ruameška
tolmatšu
vessi (vesjegonsk)
tihvinäkarelsk (s. 2000 talarar)
valdakarelsk (utdøydd)
livvisk eller onegakarelsk (fi.aunus, livvi – blir no helst betrakta som eit eige språk)
lydisk (blir no helst betrakta som eit eige språk, eller også som ein dialekt av vepsisk)
Skriftspråk
Etter Oktoberrevolusjonen fekk karelsk eit skriftspråk basert på det latinske alfabetet. Dette vart skifta ut med eit kyrillisk alfabet på midten av 1930-talet. Etter krigen vart karelsk brukt i svært liten grad, i staden var det finsk som vart vald som offisielt språk (attmed russisk) i den karelske republikken. Etter Sovjettida har fleire karelarar tatt i bruk det latinske alfabetet att, me.a. inspirert frå finsk.
Dagens skriftspråk
Det karelske skriftsystemet er basert på finsk ortografi, slik at finnar kan lese karelsk utan store problem. Karelsk skil seg likevel frå finsk, både på grunn av russisk påverknad og interne språklege skilnader.
Det er fleire frikativar og affrikatar i karelsk enn i finsk, og karelsk står nærare urfinsk enn det finsk gjer på dette punktet. I finsk er det berre 's' og ordinternt 'ts' som står att.
Ustemte affrikatar blir merkte med ein bokstav, eller bokstaven 'c' blir uttalt [ts] og 'č' [tš], men stemt affrikat blir skrive 'dž' (som i finsk). I og med at dei ustemte frikativane kan vera fonetisk lange, blir dei markert med dobbeltskriving, t.d. seiččemän, finsk seitsemän, «sju».
Dei stemte lydane (b, d, g, z, ž) er separate fonem; dette er ikkje berre påverknad frå russisk, men fonem som har utvikla seg frå urfinsk. Finsk ordintern 'v' svarar til dømes ofte til karelsk 'b'.
Palatalisering blir markert med apostrof, til dømes d'uuri', fi. «juuri», « nett, nettopp».
Lyden /y/ (som finsk <y> og tysk <ü> blir ofte skrive <ü>, som i tysk og estisk.
Frikativar og affrikatar
bokstav
erstatning
lyd
livvi (onegakarelsk)
tverkarelsk
finsk
omsetjing
c
c
/ʦ/
kučču
kuču
kutsu
invitasjon
č
ch
/ʧ/
čoma, seiče
šoma, seičemen
soma, seitsemän
fint, sju
s
s
/s/
se
že
se
den/det
š
sh
/ʃ/
niškoi
niškoihin
niskoihin
nakke (ill.pl.)
z
z
/z/
tazavaldu
tažavalda
tasavalta
republikk
ž
zh
/ʒ/
kiža, liedžu
kiza, liedžu
kisa, lietsu
konkurranse, ?
Bokstavane skrive med caron (hajek) kan skrivast med <h> i staden. Dette er komplisert når det blir to affrikatar etter kvarandre, som i ruochchi «Sverige», og i publiserte tekstar er det č og š som blir brukt.