John Payne Guerin (31. oktober 1939 –5. januar 2004 ) var ein amerikansk trommeslagar , perkusjonist og studiomusikar .
Biografi
Guerin var fødd på Hawaii og voks opp i San Diego . Som ung trommeslagar byrja han å spele med Buddy DeFranco i 1960. Seint i 1960-åra flytta han til Los Angeles , der han spelte trommer for Frank Sinatra , George Harrison , Frank Zappa , The Animals , Joni Mitchell , Them , Thelonious Monk , Lou Rawls , Ray Conniff , George Shearing , Peggy Lee , Ella Fitzgerald , Linda Ronstadt , Nelson Riddle og mange andre. Frå juli 1972 til januar 1973 spelte han trommer for The Byrds , og vart med i L.A. Express seinare det året. Bandet var akkompagnement for Joni Mitchell på turnear frå midten til slutten av 1970-åra. Guerin hadde eit kort forhold til Mitchell på den tida.
Som ein leiande figur for jazzrock -stilen, var han ein av dei mest produktive trommeslagarane gjennom tidene.[ 1] Han spelte mykje for film og fjernsyn, som filmmusikken til filmen om Charlie Parker frå 1988, Bird av Clint Eastwood . Han spelte trommer på kjenningsmelodien under opninga av fjernsynsserien Hawaii Five-O .
I seinare år arbeidde Guerin med Oscar Peterson , John Faddis , Jimmy Heath , Ray Charles , Sonny Rollins , Justin Morell, Andreas Pettersson, David Basse, David Garfield, Gary Lemel og Mike Melvoin .
Guerin døydde av hjarteattakk den 5. januar 2004 i West Hills i California .[ 2]
Utvald diskografi
Som sidemann
Med Gene Ammons
Med Blue Mitchell
Med Howard Roberts
Med Tom Scott
Med Gábor Szabó
Med Frank Zappa
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Studioalbum Konsertalbum Samlealbum Arkivserie Singlar og songar Samarbeid
Studioalbum Konsertalbum Samleplater Plateboksar