Turbulent Indigo er det 15. studioalbumet til den kanadiske songaren Joni Mitchell, gjeve ut i 1994. Albumet vann Mitchell Grammyprisen. John Milward skreiv for Rolling Stone at dette var «det beste album til Mitchell sidan midten av 1970-åra».[6]
Albumet var hennar første tilbake på Warner Music (tidlegare WEA), etter at hennar førre album Night Ride Home, var distribuert av MCA for det då nykjøpte Geffen Records (som før salet til MCA, vart distribuert via WEA).
Plateomslaget, eit sjølvportrett av Mitchell, erinspirert av den nederlandske kunstnaren Vincent van Gogh. Songen «Turbulent Indigo» nemner Van Gogh, medan songen «Magdalene Laundries» fortel soga om lidinga til irske kvinner som før vart sendt til magdalenaheimar styrt av den romersk-katolske kyrkja og måtte arbeidet i vaskeriet til heimane. Songen «Sex Kills» omhandlar fleire tema frå seint på 1900-talet, som vald, AIDS, global oppvarming og konsumerisme.
I desember 2008 hadde albumet seld 311 000 eksemplar i USA.[7]
Innhald
Alle spor skrivne av Joni Mitchell, bortsett frå der andre er nemnde
Tittel |
---|
1. | «Sunny Sunday» | 02:21 |
---|
2. | «Sex Kills» | 03:56 |
---|
3. | «How Do You Stop» (Charlie Midnight, Dan Hartman) | 04:09 |
---|
4. | «Turbulent Indigo» | 03:34 |
---|
5. | «Last Chance Lost» | 03:14 |
---|
6. | «The Magdalene Laundries» | 04:02 |
---|
7. | «Not to Blame» | 04:18 |
---|
8. | «Borderline» | 04:48 |
---|
9. | «Yvette in English» (Mitchell, David Crosby) | 05:16 |
---|
10. | «The Sire of Sorrow (Job's Sad Song)» | 07:08 |
---|
Medverkande
- Joni Mitchell - vokal, gitar, bass
- Jim Keltner - trommer på «Sunny Sunday»
- Larry Klein - orgel, bass, produsent
- Michael Landau - elktrisk gitar på 2, 3
- Greg Leisz - Pedal Steel gitar på 7, 8
- Seal - vokal på «How Do You Stop»
- Wayne Shorter - Sopransaksofon på 1, 4, 7, 8
- Carlos Vega - trommer på 3, 4, 7
- Stewart Smith - gitar på «How Do You Stop»
- Bill Dillon - synthesizer på «Yvette in English»
- Charles Valentino - korvokal på «Yvette in English»
- Kris Kello - korvokal på «Yvette in English»
Kjelder
|
---|
|
Studioalbum | |
---|
Konsertalbum | |
---|
Samlealbum | |
---|
Arkivserie | |
---|
Singlar og songar | |
---|
Samarbeid | |
---|