You Turn Me On, I'm a Radio
«You Turn Me On, I'm a Radio» er ein song skriven og først spelt inn av den kanadiske visesongaren Joni Mitchell. Han kom ut på det femte studioalbumet hennar, For the Roses i 1972, og kom òg ut på singel. Joni Mitchell-utgåvaJoni Mitchell skreiv opphavleg songen som eit svar på at plateselskapet bad ho om ein hitsingel. Mitchell syner kva ho meinte om dette i linjer som «And I'm sending you out this signal here, I hope you can pick it up loud and clear»[3] Ho meinte at om ho la songen til eit radiotema, så kom radiostasjonar til å bli overtydd om å spele songen.[4] Songen vart spelt inn i Hollywood i A&M Studios.[2] Sjølv om Graham Nash, David Crosby og Neil Young alle bidrog til innspelinga, er det berre munnspelet spelt av Nash som kom med på den endelege utgåva.[4] «You Turn Me On, I'm a Radio» kom ut på singel i november 1972 på Asylum Records. Songen vart den første topp 10-hitten til Mitchell i Canada, og nådde tiandeplassen der på RPM Top Singles-lista.[5] I tillegg vart singelen ein topp 40-hit i USA, og nådde 25. plassen på Billboard Hot 100.[6] Outside North America, «You Turn Me On, I'm a Radio» peaked within the top-forty on the Australske Kent Music Report chart.[7] Salslister
Gail Davies-versjonen
Blant dei mange coverversjonane av songen vart versjonen til countryartisten Gail Davies ein hit då ho gav ut sin versjon på singel i 1982. Davis vart ven av Mitchell tidleg i 1970-åra då ho var studiomusikar for A&M Records i California.[10] Som ein hyllest til Mitchell, spelte Davies inn songen. Etter at singelen kom ut på radio, valde Davies å gratulere både Mitchell og Henry Lewy. Lewy var ansvarleg for å syne Davies korleis ho kunne produsere sine eigne innspelingar.[11] Songen vart spelt inn i «Producer's Workshop» i Hollywood i juli 1982 for albumet Givin' Herself Away.[9] «You Turn Me On, I'm a Radio» kom ut på singel på Warner Bros. Records i juni 1982. Songen nådde så 17. plassen på Billboard Hot Country Singles-lista i 1982. Det vart den sjuande hitten ho fekk på topp 20 på countrylista og den andre frå dette albumet.[12] I tillegg nådde songen sjuandeplassen på den kanadiske RPM Country Singles-lista.[13] Salslister
Kjelder
|