In Too Deep av Genesis
«In Too Deep» er ein song av det engelske rockebandet Genesis frå 1986 på albumet Invisible Touch. Han vart gjeven ut som den andre singelen frå albumet i Storbritannia (og den femte singelen i USA). Eit konsertopptak av songen vart òg gjeven ut på konsertalbumet The Shorts. Tekstne til songen var skriven av songaren Phil Collins etter at han vart beden om å skrive ein song for filmen Mona Lisa. ListerSongen nådde tredjeplassen på den amerikanske poplista i 1987 og 19. plass på den britiske singellista.[1] Han vart den siste hitten til bandet før «No Son Of Mine» i 1991. «In Too Deep» låg òg tre veker på toppen av den amerikanske adult contemporary-lista i 1987.[2] MusikkvideoMusikkvideoen for songen syner dei tre medlemmane som speler i nokre minimalistiske trapper og platformer. Tony Banks spelar på eit flygel, sjølv om innspelinga vert spelt inn på eit elektrisk piano, medan Mike Rutherford og Phil Collins mimer høvesvis akustisk gitar og vokal. Medverkande
Salslister
Kids Incorporated-versjonenEin versjon av songen vart spelt inn av barneprogrammet Kids Incorporated, der teksten var endra frå synspunktet til ven i staden for ein kjærast («love» vart erstatta med «like»). Kjelder
Bakgrunnsstoff |