Anthony Edwin «Ant» Phillips (fødd 23. desember1951) er ein engelsk multiinstrumentalist, mest kjend som den første gitaristen i det britiske bandet Genesis.[1] Han spelte gitar og song korvokal fram til han slutta i 1970, etter innspelinga av det andre albumet deira, Trespass. Han slutta fordi han hadde sceneskrekk og legen hans sa at det beste nok var om han slutta i bandet. Han er kjend måte han spelar 12-strengsgitar på, noko ein kan høyre på dei tidlegaste songane til Genesis.
Phillips gav ut popalbumet Invisible Men i 1983. Sidan den gong har Phillips laga mykje filmmusikk i England. I 1990-åra gav han ut The Living Room Concert, med akustiske versjonar framført aleine av sine tidlegare songar.