«I Can't Let Go» er ein song skriven av Al Gorgoni og Chip Taylor. «I Can't Let Go» vart opphavleg sungen av blue-eyed soul-songaren Evie Sands i 1965.[1] Songen vart populær i 1966 for gruppa The Hollies, som nådde andreplassen på UK Singles Chart med sin versjon. Linda Ronstadt spelte inn songen i 1980 og nådde då 31. plassen på den amerikanske Billboard Hot 100-lista.
The Hollies-versjonen
«I Can't Let Go» var den første singelen til The Hollies i 1966 og den siste med den opphavlege bassisten deira, Eric Haydock. Han nådde andreplassen på singellista i Storbritannia og 42. plassen på Billboard Hot 100 i USA. Han er rangert som den 37. største hitten i Storbritannia i 1966.[2] Etter «I Can't Let Go» vart spelt inn vart Haydock erstatta av Bernie Calvert, som spelte på den neste singelen til bandet («Bus Stop»).[3]
Salslister
Linda Ronstadt-versjonen
Linda Ronstadt gav ut den mest suksessrike, amerikanske versjonen av songen i 1980 frå albumet Mad Love. Han kom ut som den tredje singelen frå albumet, og var produsert av Peter Asher for Asylum Records. Ronstadt-versjonen nådde 27. plassen på Cash Box Top 100 og 31. plassen på Billboard Hot 100-lista sommaren 1980.
Salslister
Andre versjonar
- Les Fradkin spelte inn songen i 2006 på albumet hans, Goin' Back.
Kjelder
- ↑ Muscarella, Tom (11. november 2017). «Song of the Week – I Can’t Let Go, Evie Sands; The Hollies; Linda Ronstadt». Rock 'n' Roll Remnants. Henta 21. mars 2018.
- ↑ «Top 100 1966 - UK Music Charts». Uk-charts.top-source.info. Henta 21. mars 2018.
- ↑ The 30th Anniversary Collection (CD). The Hollies. EMI Records. 1993. D 202205.
- ↑ "Die ganze Musik im Internet: Charts, News, Neuerscheinungen, Tickets, Genres, Genresuche, Genrelexikon, Künstler-Suche, Musik-Suche, Track-Suche, Ticket-Suche – musicline.de" (på tysk). Media Control Charts. PhonoNet GmbH.
- ↑ "Dutchcharts.nl – The Hollies – I Can't Let Go" (på nederlandsk). Mega Single Top 100. Hung Medien / hitparade.ch.
- ↑ "The Irish Charts – Search Results – I Can't Let Go". Irish Singles Chart. Retrieved 21. mars 2018.
- ↑ Flavour of New Zealand, 20. mai 1966
- ↑ "Norwegiancharts.com – The Hollies – I Can't Let Go". VG-lista. Hung Medien.
- ↑ «Artist Chart History Details: Hollies». The Official Charts Company. Arkivert frå originalen 17. februar 2011. Henta 21. mars 2018.
- ↑ Rees, Dafydd; Lazell, Barry; Osborne, Roger (1995). Forty Years of «NME» Charts (2nd utg.). Pan Macmillan. s. 165. ISBN 0-7522-0829-2.
- ↑ «allmusic ((( The Hollies > Charts & Awards > Billboard Singles )))». Allmusic. Henta 21. mars 2018.
- ↑ «Item Display - RPM - Library and Archives Canada». Collectionscanada.gc.ca. Henta 29. september 2016.
- ↑ «Lyrics: She Did It by Eric Carmen». Top40db.net. 27. august 1977. Henta 29. september 2016.
Bakgrunnsstoff