For Certain Because er det femte britiske studioalbumet til The Hollies og det andre i 1966.[2][3] Dette var det første Hollies-albumet der alle songane var skrivne av medlemmane Allan Clarke, Graham Nash og Tony Hicks, og det første der dei ikkje brukte pseudonymet «Ransford». Dette var òg det første albumet deira med den nye bassisten Bernie Calvert.
For den nordamerikanske marknaden vart albumet kalla Stop! Stop! Stop! med eit anna omslag. Det kom ut i januar 1967 på grunn av den store suksessen til singelen «Stop Stop Stop». Det var det første Hollies-albumet der innhaldet var det same både i USA, Canada og Storbritannia. Det skjedde ikkje igjen før i 1970-åra. I tillegg brukte somme marknader tittelen Stop! Stop! Stop! då dei gav ut albumet, og i Storbritannia vart ei seinare utgåve av albumet kalla Stop! Stop! Stop!.[4] I 1983 gav Liberty Records i USA ut albumet som Pay You Back With Interest utan songane «Stop! Stop! Stop!» og «High Classed».