A Crazy Steal er det 17. studioalbumet til den engelske rockegruppa The Hollies. Det kom ut i 1978 og inneheld ein versjon av Emmylou Harris-songen «Boulder to Birmingham». Denne hadde dei gjeve ut på singel to år tidlegare og han nådde då 10. plassen på singellista i New Zealand. To andre songar frå dette albumet, «Hello To Romance» og «Amnesty», kom ut på singlar i 1977, men selde dårleg.