Hollies Sing Hollies er det niande studioalbumet til The Hollies. Det kom ut i november 1969 på Parlophone, og var det andre albumet deira det året, eit halvt år etter eit heilt album med Bob Dylan-songar. Det var det første albumet deira med originale songar etter at Graham Nash slutta, og det andre albumet til The Hollies med Terry Sylvester. Den amerikanske versjonen av albumet vart kalla «He Ain't Heavy, He's My Brother», og inneheld hitsingelen med same namn, medan det utelet «Soldier's Dilemma» og «Marigold: Gloria Swansong». Det britiske albumet nådde ikkje albumlista, men i USA nådde det 32. plassen.
Den amerikanske utgåva av Hollies Sing Hollies vart kalla He Ain't Heavy, He's My Brother med eit anna plateomslag. Det kom ut i desember 1969 på Epic Records. Det inneheld hitsingelen «He Ain't Heavy, He's My Brother» og utelet to songar som var på den britiske utgåva, «Soldier's Dilemma» og «Marigold: Gloria Swansong» (den andre vart sidan gjeve ut på det neste amerikanske albumet, Moving Finger).