Hits+ er eit samlealbum av den australske songaren Kylie Minogue, utgjeve i slutten av 2000. Albumet består av opptak frå perioden hennar med Deconstruction Records. Albumet klarte berre å kome inn på den britiske Topp 40-albumlista, men interessant nok selde det fleire eksemplar enn albumet Impossible Princess (1997) i Storbritannia – over 62 000.
Komposisjon
Albumet inneheld songar frå albuma Kylie Minogue og Impossible Princess. Det inneheld alle sju singlar utgjeve under plateselskapet Deconstruction Records, men ikkje den australske singelen «Cowboy Style». Den internasjonale utgjevingen av Hits+ inneheld femten spor utan songen «This Girl», og fjorten spor i USA og Kina, kor «Where the Wild Roses Grow» vart òg utelaten.