Enjoy Yourself er det andre albumet til australske songaren Kylie Minogue, utgjeve av PWL den 9. oktober 1989. Albumet vart produsert og skrivne av Stock Aitken Waterman, bortsett frå «Tears on My Pillow». Det er vorte notert at albumet er svært lik det forrige, Kylie. Albumet har fått blanda meldingar frå kritikarar.
Innspeling
Etter den kommersielle suksessen med debutalbumet Kylie i 1988 byrja Minogue innspelinga av det neste albumet med produsentane Stock Aitken Waterman på PWL Studios i London i februar 1989. Innspelinga òg fann stad i april og juli 1989 med coverversjonen av «Tears on My Pillow» som var ein av dei siste songane som vart spelt inn til albumet.
Listeplasseringar og sal
Enjoy Yourself nådde fyrsteplassen i Storbritannia på UK Albums Chart og vart sertifisert til platina to gonger etter sal på over 600 000 eksemplar. Albumet selde over ein million eksemplar i løpet av dei ti første vekene etter utgjevinga, og nådde grensa for kvadrupelplatina den 1. januar 1990. Albumet nådde niandeplassen i Australia og vart sertifisert til platina for utgjevinga. Albumet har selt over fem millionar eksemplar på verdsbasis.
Albumet nådde òg fyrsteplass i Hongkong og Irland, og nådde Top 10 i Belgia, Danmark, Hellas og Japan. I Nord-Amerika fekk albumet avgrensa forfremmelse og nådde ikkje dei fleste albumlista. Albumet nådde òg sjetteplassen i New Zealand, 16. plassen i Spania den 9. desember 1989 og var på hitlistene for nitti veker. Albumet vart seinare sertifisert gull i landet.
Singlar
Den fyrste singelen «Hand on Your Heart» nådde fyrsteplassen på den britiske hitlista og fjerdeplassen på den australske hitlista. Den andre singelen «Wouldn't Change a Thing» debuterte som andreplassen i Storbritannia. Den tredje singelen, «Never Too Late», vart den åttande singelen av Minogue på rad som hamna på dei britiske hitlistene. Han vart nummer fire og selde over 200 000 eksemplar. Den fjerde singelen «Tears on My Pillow» vart spelt inn for filmen The Delinquents og er ein coverversjon. Songen gjekk inn som andreplassen på hitlista i Storbritannia og nådde fyrsteplass veka etter.
Sporliste
Alle songar er skrivne og produsert av Stock Aitken Waterman, bortsett frå der andre er nemnde.