Kylie Minogue er det femte studioalbumet til den australske songaren Kylie Minogue. Det kom ut i september 1994. Albumet vart først gjeve ut av Deconstruction Records i store dele av verda, og av Mushroom Records i Australia og New Zealand.
Utgjeving og listeplasseringar
Albumet var den første utgjevinga til Minogue utan produsentane Stock, Aitken og Waterman. I eit forsøk på å utvikle seg sjølv som artist, tok ho ei aktiv rolle i utgjevinga av albumet, og henta inn fleire partnarar. Ifølgje ein av låtskrivarane og produsentane har albumet selt 2 millionar eksemplar verda over, medan den offisielle nettsida seier at albumet selde 500 000 eksemplar på verdsbasis.[treng kjelde]
Kylie Minogue nådde nummer tre i heimlandet Australia og vart sertifisert til platina. Albumet nådde fjerdeplassen i Storbritannia og nummer trettini i Sverige.[1]
Singlar
«Confide in Me» var den første singelen frå albumet, og vart ein av mest suksessfulle utgjevingar til Minogue. Songen låg på førsteplass i fire veker i Australia og nådde andreplass på UK Singles Chart.
Den andre singelen «Put Yourself in My Place» nådde nummer elleve i både Australia og Storbritannia. Songen inneheldt ein populær musikkvideo kor Minogue gjenskapte ein sekvens frå Jane Fonda-filmen Barbarella (1968), der ho utfører ein langsom striptease.
«Where Is the Feeling?» vart den tredje singelen frå albumet. Songen nådde nummer 16 i Storbritannia og nummer 31 i Australia.