Kylie Minogue Sia Furler Cutfather Daniel Davidsen Mike Del Rio GoodWill & MGI Greg Kurstin Chris Loco Mark Taylor Justin Raisen Ariel Rechtshaid Jesse Shatkin Thomas Olsen Peter Wade Joshua "JD" Walker Peter Wallevik Pharrell Williams
Kiss Me Once er det tolvte studioalbumet til den australske songaren Kylie Minogue. Det kom ut den 14. mars 2014 på Parlophone som det første studioalbumet hennar sidan Aphrodite (2010). Albumet var òg det første utgjeve av Warner Music Group etter at plateselskapet kjøpte Parlophone. I Nord-Amerika vart albumet gjeve ut av Warner Bros. Records.
Albuminformasjon
Etter utgjevinga av The Abbey Road Sessions (2012) skilte Minogue lag med manageren sin Terry Blamey, og underskreiv ein ny avtale med Roc Nation.[1][2][3] Ho byrja forarbeidet med albumet sitt i januar 2012 i London og Los Angeles.[4] Frå mars til juli annonserte Minogue samarbeid med den norske produsentgruppa Stargate, den amerikanske produsenten Darkchild, og Brooke Candy, MNDR og will.i.am via Twitter.[5][6][7][8] Like før den 45. fødselsdagen hennar vart det avslørt at Minogue nyleg hadde samarbeidd om ei innspeling med ein musikar som seinare viste seg å vera Enrique Iglesias.[9] Same dagen gav ho ut ein spesialsingel med tittelen «Skirt».[10]
I februar 2014 stadfesta Minogue at Sia var medprodusent av albumet.[11] Minogue fekk hjelpe frå fleire låtskrivarar og produsentar til å skapa albumet, mellom anna Sia, Cutfather, Greg Kurstin, Pharrell Williams og MNEK.[12] Mesteparten av albumet vart spelt inn i Los Angeles og New York, medan ekstra innspelingar og miksing blei gjort i London.[12]
Listeplasseringar og sal
Kiss Me Once nådde andreplassen på UK Albums Chart med sal av 29 251 eksemplar den første veka. Det var det femtande albumet til Minogue på Top 10. I Oseania nådde albumet førsteplassen i Australia med sal av 8 166 eksemplar den første veka.[13] Albumet nådde 13. plass i New Zealand, men fall av hitlistene etter ei veke. I Japan nådde albumet nummer 40 på Oricon med sal av 3 088 eksemplar den første veka.
I USA nådde albumet nummer 31 på Billboard 200 med sal av 12 000 eksemplar den første veka.[14] Albumet nådde òg tredjeplassen på Dance/Electronic Albums-listene.[15]
Singlar
Den første singelen, «Into the Blue», hadde premiere i Storbritannia på BBC Radio 2 den 27. januar 2014.[16] Songen kom ut 28. januar i dei fleste land og musikkvideoen vart utgjeven den 3. februar 2014.[17][18][19] Songen nådde tolvteplassen i Storbritannia på UK Singles Chart og førsteplass i USA på Billboard (Hot Dance Club Songs).[20]
Den andre singelen, «I Was Gonna Cancel», vart skriven og produsert av Pharrell Williams. Songen vart utgjeven den 22. april 2014[21] og musikkvideoen hadde premiere den 16. mai 2014.[22]
↑ 12,012,1Minogue, Kylie (2014). Kiss Me Once. Parlophone, Warner Music Group (CD Album; Liner notes). Kylie Minogue (United Kingdom, Europe). 2564632807.