Givat Hen (hebraisk skrift גִּבְעַת חֵ"ן, tyder HN-åsen) er ein moshav sentralt i Israel. Han ligg nær Ra'anana og høyrer til Drom HaSharon regionale kommune. I 2006 hadde han eit folketal på 346.
Moshaven vart grunnlagd i 1933 av immigrantar frå Litauen, Polen og Russland. Dei fekk seinare med seg immigrantar frå Tyskland. Han vart kalla opp etter initialane til Hayyim Nahman Bialik.
Gatenamna i moshaven er kalla opp etter Bialik-songar.
Kjelder