Ramot HaShavim (hebraisk skrift רָמוֹת הַשָּׁבִים, tyder 'høgda til dei heimsendte') er ein jødisk landsby sentralt i Israel som vart grunnlagd av tyske jødiske immigrantar til Israel. Han ligg mellom Hod HaSharon og Ra'anana og dekkjer kring 2 300 dekar og høyrer til Drom HaSharon regionale kommune. I 2007 var folketalet 1 300.
Han vart grunnlagd som ein moshav i 1933 av tyske immigrantar frå den femte aliyahen. I 1951 vart han ein lokal kommune, men som del av ein kommunereform i 2003 vart han ført attende til landsby under ein regional kommune.
Kjelder
Bakgrunnsstoff