Landsbyen vart grunnlagd i 1911 som «Ein Hai» (tyder Fontena til dei levande) på privateigd land.[1] Han fekk seinare namnet Kfar Malal etter Moshe Leib Lilienblum (משה לייב לילינבלום), ein av dei første leiarane av Hovevei Zion-rørsla.[2] Landsbyen vart øydelagd i slag under fyrste verdskrigen, bygd opp att av ei gruppe arbeidarar og rasert att i 1921 under Jaffa-opprøra. I 1922 vart landområdet overført til Jewish National Fund og Kfar Malal vart bygd opp att som ein moshav. Han leid under åtak i arabaropprøra i 1929.[1]Ariel Sharon, den 11. statsministeren i Israel, var fødd i Kfar Malal. Det er sagt at mor hans sov med eit gevær under senga fram til ho døydde etter at ho måtte gøyme seg i fjøset om natta for beduin-bandittar.[3]