Nahshonim (hebraisk skrift נַחְשׁוֹנִים, tyder 'Pionerar') er ein kibbutz sentralt i Israel. Han ligg sør på Sharonsletta nær Rosh HaAyin og høyrer til Drom HaSharon regionale kommune. I 2011 hadde han eit folketal på 322.[1]
Kibbutzen vart grunnlagd i 1949 av ei gruppe som hovudsakleg bestod av egyptiske immigrantar,[2] i tillegg til nokre innfødde israelarar. Han er kjend i Israel for motorparken og «Nahshonit» fornøyelsespark.