1+9+8+2 (offisiell tittel[3], i andre kjelder 1982) er det 15. studioalbumet til det engelske rockebandet Status Quo, gjeve ut 16. april 1982.[4] Det var det første albumet deira med den nye trommeslagaren Pete Kircher, som nyleg hadde erstatta John Coghlan. Det var òg det første der klaverspelaren Andy Bown vart oppført som fullt medlem av bandet. På dei tidlegare utgjevingane deira var han berre oppført som gjestemusikar, sjølv om han hadde vore sterkt delaktig i bandet i fleire år.
Albumet kom ut kort tid før dei spelte ein konsert i National Exhibition Centre i Birmingham, føre prinsen av Wales, og merksemda som dette førte med seg hjelpte albumet til topps på albumlista i Storbritannia. Dette vart dermed den fjerde og siste listetoppen deira. Likevel fekk albumet lunken mottaking blant fansen. «Dear John» var den første singelen deira som ikkje var skriven av nokon i bandet og han nådde tiandeplassen på singellista i Storbritannia, medan «She Don't Fool Me» stoppa på 36. plassen.
1982 var 20-årsjubileet til første gongen bandmedlemmane Francis Rossi og Alan Lancaster spelte med kvarandre og summen av tala 1+9+8+2 er 20 (synt som romartala 'XX' under albumtittelen).