Hello! av Status Quo
Hello! er det sjette studioalbumet til det britiske rockebandet Status Quo. Det kom ut i september 1973 og var det første av fire Quo-album som gjekk til topps på den britiske albumlista. Det var òg det første Quo-albumet der trommeslagaren John Coghlan medverka som låtskrivar. Klaverspelaren Andy Bown og saksofonisten Stewart Blandamer spelte begge på «Forty-Five Hundred Times». Dette var første gangen Bown spelte på eit Status Quo-album før han seinare vart permanent medlem i bandet. BakgrunnI 1973 byrja Status Quo å få suksess att på salslistene, etter at dei i 1972 fekk kontrakt hos Vertigo. Det gamle selskapet deira, Pye, valde då å gje ut ein singel frå albumet deira frå 1971, Dog of Two Head. Singelen «Mean Girl» nådde då 20. plassen på singellista. I august 1973 kom den einaste singelen frå det nye albumet, «Caroline», skriven av Rossi og Young. Denne nådde femteplassen på singellista i Storbritannia og vart den første singelen deira som nådde så høgt. B-sida var ein song som ikkje var med på albumet, «Joanne», skriven av Alan Lancaster og Rick Parfitt. Ei 8-spors lydbandutgåve av albumet kom ut i september same året. Det vart ikkje gjeve ut andre singlar frå albumet, sjølv om eit konsertopptak av «Roll Over Lay Down» kom ut på ein trespors EP i mai 1975 og nådde niandeplassen på UK Singles Chart og andreplassen på den australske singellista, den einaste topp ti-hitten deira der. Dette var det første albumet deira der bandnamnet stod skrive i den faste fonten som vart nytta på alle albuma deira sidan. Innhald
Medverkande
Kjelder
|