«(And Now the Waltz) C'est La Vie» er ein song av det britiske rockebandet Slade, gjeven ut i 1982 som den første singelen frå det ellevte studioalbumet The Amazing Kamikaze Syndrome. Han kom òg ut på den amerikanske motparten Keep Your Hands Off My Power Supply i 1984. Songen var skriven av solovokalisten Noddy Holder og bassisten Jim Lea, og produsert av Lea.[2] Songen nådde 50. plassen på den britiske singellista og låg inne på lista i sju veker.[3]
Holder skildra «(And Now the Waltz) C'est La Vie» som ein «sentimental kjærleikssong».[4][5]
«(And Now the Waltz) C'est La Vie» kom ut på 7"-vinyl på RCA Records i Storbritannia, Irland, Australia, Tyskland og Nederland.[6][7] B-sida var «Merry Xmas Everybody (Live & Kickin')» og var eksklusiv or singelen, før han kom ut på samlealbumet Crackers: The Christmas Party Album i 1985. På singelen er songen tilskriven «Slade & The Assorted Nutters Choir».[8]
Det vart ikkje laga musikkvideo til songeen, men bandet framførte han på barnemusikkshowet Razzmatazz.[9]
- 7"-singel
- «(And Now the Waltz) C'est La Vie» - 3:44
- «Merry Xmas Everybody (Live & Kickin')» - 4:03
Salslister
Liste (1982)
|
Plassering
|
Den polske singellista[10]
|
2
|
UK Singles Chart[3]
|
50
|
Medverkande
- Slade
- Andre medverkande
- Slade - produsent på «Merry Xmas Everybody (Live & Kickin')»
Kjelder
|
---|
|
Studioalbum | |
---|
Konsertalbum | |
---|
Samlealbum | |
---|
Plateboksar | |
---|
EP-ar | |
---|
Singlar | |
---|
Video | |
---|
Tilknytte artiklar | |
---|