Viswanathan Anand

Viswanathan Anand

Verkeleg namn tamil விசுவநாதன் ஆனந்த்
Statsborgarskap India
Fødd 11. desember 1969 (55 år)
Chennai
Yrke sjakkspelar, skribent
Medlem av OSG Baden-Baden, Association Cannes-Echecs
Religion Hinduismen
Viswanathan Anand på Commons

Viswanathan Anand (fødd 11. desember 1969) er ein sjakkspelar frå Chennai i Tamil Nadu i India. Han er sjakkstormeister og var den regjerande verdsmeisteren i sjakk fram til 22. november 2013 då han tapte han mot Magnus Carlsen.

Verdsmeister i sjakk

FIDE-verdsmeister i sjakk 2000

Etter fleire gode forsøk, klarte Anand å vinne verdssjakkforbundet FIDE si VM-turnering i 2000, ved å vinne finalen mot Alexei Shirov 3.5 - 0.5 i Teheran. Han vart dermed den første frå India til å vinne VM-tittelen. Han miste tittelen då Ruslan Ponomarjov vann den neste VM-turneringa i 2002.

Verdsmeister i sjakk Viswanathan Anand i 2005.

Andreplass i VM i sjakk 2005

Anand delte andreplassen med Peter Svidler i verdssjakkforbundet FIDE si VM-turnering i 2005, med 8,5 poeng på 14 parti, 1,5 poeng etter vinnaren Veselin Topalov.

Uomtvista verdsmeister i sjakk 2007

29. september 2007 vart Anand igjen verdsmeister i sjakk, ved å vinne FIDE si VM-turnering i Mexico by. Han vann den doble alle-mot-alle-turneringa med 9 poeng av 14 moglege, 4 sigrar, 10 remisar og ingen tap, eit heilt poeng framom dei to på delt andreplass, Vladimir Kramnik og Boris Gelfand.[1]

I 2000, då Anand vann verdsjakkforbundet FIDE si VM-turnering for første gong, var der samtidig ein konkurrerande «klassisk» verdsmeisterskap, der Kramnik då var verdsmeister. Men no når VM-turneringa var halden i september 2007 var dette problemet løyst, etter ein tvikamp om verdsmeisterskapen mellom dei to verdsmeistrane Kramnik og Topalov hausten 2006. Når Anand vann VM-turneringa i Mexico City så vart han dermed denne gongen den uomtvista einaste verdsmeisteren i sjakk.

Forsvarte VM-tittelen i 2008 mot Kramnik

Anand forsvarte VM-tittelen i ein tvikamp om verdsmeisterskapen mot Vladimir Kramnik i Bonn, Tyskland, 14-29. oktober 2008. Kampen skulle gå over maksimalt 12 parti, slik at 6,5 poeng ville vere nok til å vinne. Anand vann med svart både det tredje og det femte partiet, og deretter med kvit i det sjette partiet. Dei tre andre partia vart remis. Anand leia deretter med 4,5-1,5, og kampen var langt på veg avgjort. Dei tre neste partia vart remis, og Anand leia dermed 6-3, og trong berre ein remis til for å vinne kampen. Kramnik vann deretter det 10. partiet, og reduserte til 6-4. Men i det 11. partiet kom Kramnik dårleg ut av opninga, og tilbaud etter 24 trekk remis, noko Anand naturlegvis tok mot: Han vann dermed VM-kampen 6,5-4,5.

Forsvarte VM-tittelen i 2010 mot Topalov

Anand forsvarte på nytt VM-tittelen i ein tvikamp om verdsmeisterskapen mot Veselin Topalov i Sofia, Bulgaria, 24. april - 11. mai 2010. Også denne kampen skulle gå over maksimalt 12 parti, før ein ved uavgjort eventuelt heldt fram med hurtigsjakk og lynsjakk. Før siste ordinære parti var stillinga 5,5-5,5. Men då Anand vann siste partiet, vann han også VM-kampen 6,5-5,5 og er dermed framleis regjerande verdsmeister i sjakk.[2]

På ratingtoppen i verda

Anand er ein av berre fem spelarar som har klart å oppnå ein FIDE-rating på meir enn 2800 på verdssjakkforbundet FIDE si ratingliste, og han har vore blant dei tre høgast rata spelarane i verda samanhengande sidan 1997.[3] Dei andre fire som har klart over 2800 er Kasparov, Kramnik, Topalov og Magnus Carlsen.

I mars 2007 vann Anand Linares sjakkturnering med eit resultat som ville plassert han som nummer 1 på verdssjakkforbundet FIDE si ratingliste pr. 1. april 2007. Men i første omgang vart ikkje turneringa i Linares tatt med, og Anand var dermed nr 2 på lista då den først vart publisert. Dette førte til sterke protestar, der det vart vist til tidlegare praksis, og verdssjakkforbundet ombestemte seg, og tok resultatet frå turnering i Linares med i berekningane.[4]

Dermed vart Anand for første gong nummer ein i verda på FIDE si ratingliste for april 2007.[5] Han heldt førsteplassen på lista for juli 2007 med ein rating på 2792, ei leiing med 23 poeng, toppa også lista for oktober 2007 med ein FIDE-rating på 2801, og delte førsteplassen med Vladimir Kramnik på lista pr 1. januar 2008 med 2799.

Det er berre sju personar som har toppa FIDE si ratingliste sidan den vart innført i 1970. Dei andre seks er dei fem verdsmeistrane Fischer, Karpov, Kasparov, Kramnik og Topalov - og i 2010 Magnus Carlsen.

Sjakk-karriere

Unge år

Anand hadde stor framgang som sjakkspelar i svært ung alder. Han vann ein indisk juniormeisterskap allereie då han var 14, med 9 poeng av 9 moglege. Han vart den yngste frå India til å oppnå tittelen internasjonal meister i sjakk, då han var 15 år, i 1984. Då han var 16 år, vann han den indiske meisterskapen. Den indiske meisterskapen har han vunne to gongar til. Han var kjend for å spele partia svært fort, mykje raskare enn motstandarane. I 1987 vart han den første frå India til å vinne verdsmeisterskapen i sjakk for juniorar. Og i 1988, då han var 18 år, vart han den første stormeisteren i sjakk nokon gong frå India.

Inn i verdstoppen tidleg på 1990-talet

Anand kom inn i verdstoppen i sjakk tidleg på 1990-talet, ved å vinne turneringar som Reggio Emilia 1991 (framom Garri Kasparov og Anatolij Karpov). At han spelte på eit så høgt nivå, fekk han ikkje til å redusere farten, og han heldt fram med å spele partia mykje raskare enn motstandarane. I 1991 nådde han kvartfinalen i verdssjakkforbundet FIDE si kandidatturnering, før han fekk eit knipent tap mot Anatolij Karpov.[6]

Anand kvalifiserte seg for utbrytarorganisasjonen PCA sin VM-finale, ved å vinne kandidatkampane mot Michael Adams og Gata Kamsky.[7]

Tap i VM-kamp mot Kasparov i 1995

I 1995 spelte han såleis ein kamp om PGA sin VM-tittel mot Kasparov i World Trade Center i New York City. Etter at spelarane hadde starta med å spele dei første åtte partia til remis (uavgjort), noko som er ein rekord for starten av ein VM-kamp, vann Anand det niande partiet etter eit sterkt kvalitetsoffer. Men deretter tapte han fire av dei neste fem partia, og til slutt også VM-kampen med 10,5 - 7,5.

«Avansert sjakk»

Anand vann tre påfølgjande turneringar i avansert sjakk i León i Spania, etter at Garri Kasparov introduserte denne sjakk-forma i 1998. Han kunne etter dette reknast som verdas beste i denne sjakk-forma, der spelaren kan bruke ei datamaskin som lovleg hjelpemiddel under spelet.

Sjakk-Oscar

Anand har vunne Sjakk-Oscar i 1997, 1998, 2003, 2004, 2007 og 2008. Sjakk-Oscar blir gitt til den beste spelaren siste år, etter ei avstemming blant sjakkjournalistar og sjakkekspertar verda over. Det russiske sjakkbladet 64 har delt ut prisen sidan 1995.

Viktigaste turneringssigrar

Anand sine viktigaste turneringssigrar dei siste åra er mellom anna: Corus sjakkturnering i 2006 (delt med Veselin Topalov), Dortmund i 2004, og Linares i 2007. Han har vunne dei årlege turneringane i Monaco, Melody Amber, som består av blindsjakk og snøggsjakk, i 1994, 1997, 2003, 2005 og 2006. Han er den einaste spelaren som har vunne Corus sjakkturnering fem gongar. Han er også den einaste spelaren som har vunne både blindsjakk-delen og hurtigsjakk-delen av Melody Amber-turneringa same året, og det har han gjort to gongar - i 1997 og 2005. Anand var også den første spelaren som hadde vunne alle dei tre såkalla superturneringane: Corus (1998, 2003, 2004, 2006), Linares (1998, 2007), Dortmund (1996, 2000, 2004).

Verdas beste i snøggsjakk (hurtigsjakk)

I oktober 2003 arrangerte verdssjakkforbundet FIDE ei turnering i snøggsjakk (hurtigsjakk) i Cap d'Agde. Turneringa vart kalla verdsmeisterskapen i hurtigsjakk. Kvar spelar hadde 25 minutt på heile partiet, med 10 sekund i tillegg etter kvart trekk. Anand vann denne turneringa framom ti av dei tolv beste spelarane i verda. Han vann mot Kramnik i finalen.

Anand er rekna som verdas beste i snøggsjakk, og dei viktigaste sigrane hans i denne disiplinen er mellom anna: Corsica (seks år på rad frå 1999 til 2005), Mainz (sju år på rad frå 2000 til 2006), Leon 2005, Eurotel 2002, Fujitsu Giants 2002 og Melody Amber (fem gongar - og han har vunne snøggsjakk-delen i Melody Amber sju gongar).

I dei fleste partia Anand spelar med full tenketid, brukar han mindre tid enn motstandaren. Han skal ha tapt berre eit turneringsparti på tid, mot Gata Kamsky. Og berre ein gong skal han ha nytta seg av regelen som seier at viss du har mindre enn 5 minutt att på klokka, så treng du ikkje skrive trekka, i partiet Anand - Svidler, MTel Masters 2006.[8]

Sjakk-titlar

  • 1983 Indisk juniormeister - 14 år
  • 1984 Internasjonal Meister i sjakk - 15 år
  • 1985 Indisk meister - 16 år
  • 1987 Junior-verdsmeister
  • 1988 Stormeister i sjakk
  • 2000 FIDE verdsmeister
  • 2003 FIDE verdsmeister i hurtigsjakk
  • 2007 FIDE verdsmeister - uomtvista

Utgjevingar

Anand gav i 1998 ut ei samling av sine beste parti, My Best Games of Chess. Boka kom i revidert utgåve i 2001.

  • Viswanathan Anand, My Best Games of Chess (Gambit, 2001 (ny utgåve))

Kjelder

Fotnotar
  1. Viswanathan Anand regains world chess title. Retrieved on September 30 2007
  2. Chessbase.com om det siste partiet i VM, vitja 12. mai 2010
  3. All Time Rankings Arkivert 2009-11-26 ved Wayback Machine.. Retrieved on April 15 2007.
  4. ChessBase.com. Retrieved on April 15 2007.
  5. FIDE topp 100 pr. 1. april 2007, vitja 12. mai 2010.
  6. World Chess Championship 1991-93 Candidates Matches. Retrieved on April 15 2007.
  7. World Chess Championship 1994-95 PCA Candidates Matches. Retrieved on April 15 2007.
  8. ChessBase.com. Retrieved on April 15 2007.

Bakgrunnsstoff

Read other articles:

PerADAban 2000Album studio karya ADA BandDirilis2 Juli 1999 (Versi Repackage dirilis 10 Mei 2000)Direkam1998–1999GenreHard rock, Pop, Rock alternatif, Pop rockLabelBMG & Sony Music Entertainment IndonesiaProduserADA BandKronologi ADA Band Seharusnya(1997)Seharusnya1997 PerADAban 2000 (1999) Tiara (2001)Tiara2001 PerADAban 2000 adalah album studio kedua karya ADA Band yang dirilis pada tahun 1999. Setelah vakum 3 tahun, mereka meluncurkan album yang kemudian berhasil mengangkat nama ...

 

Buku harian Tom Riddle, horcrux pertama yang ditemukan Harry Potter, dalam film Harry Potter and the Chamber of Secrets. Horcrux adalah benda sihir fiksi dalam seri Harry Potter karya J. K. Rowling. Konsep Horcrux untuk pertama kalinya diungkapkan dalam seri keenam, Harry Potter dan Pangeran Berdarah-Campuran. Horcrux-horcrux tersebut telah ditampilkan di seri-seri sebelumnya walaupun tidak pernah diidentifikasikan sebagai horcrux. Rowling mempergunakan tokoh guru Ramuan Horace Slughorn untuk...

 

Euro TourEuro Tour logo (2007-present)Tournament informationLocationEuropeEstablished1992Organisation(s)European Pocket Billiard FederationFormatSingle EliminationCurrent championJoshua Filler The Euro Tour is a series of professional pool events set around Europe, founded in 1992, and created by the European Pocket Billiard Federation. The Tour's first event was the Belgium Open, held on May 29 – 31, 1992.[1] The event was won by Mika Immonen.[2] As of 2023, the Euro Tour ...

Vous lisez un « article de qualité » labellisé en 2011. Pour les articles homonymes, voir Bourget. Paul BourgetPaul Bourget au début de sa carrière.FonctionsPrésidentSociété des amis de Pascal (d)1926-1930Fauteuil 33 de l'Académie française31 mai 1894 - 25 décembre 1935Maxime Du CampEdmond JalouxBiographieNaissance 2 septembre 1852Amiens, FranceDécès 25 décembre 1935 (à 83 ans)Paris, FranceSépulture Cimetière du MontparnasseNom de naissance Charles Joseph Pau...

 

خريطة البعثات الدبلوماسية في أفغانستان هذه قائمة بالبعثات الدبلوماسية في أفغانستان. حاليا، تستضيف العاصمة كابول 34 سفارة. مع وجود قوات حلف شمال الأطلسي، فتحت العديد من الدول الأعضاء في المنظمة سفارات في البلاد. هذه القائمة لا تشمل القنصليات الفخرية. السفارات السفارات في ك�...

 

Polish politician; leader of Poland (1980–1981) Stanisław KaniaFirst Secretary of the Polish United Workers' PartyIn office6 September 1980 – 18 October 1981Preceded byEdward GierekSucceeded byWojciech Jaruzelski Personal detailsBorn(1927-03-08)8 March 1927Wrocanka, Kraków Voivodeship, PolandDied3 March 2020(2020-03-03) (aged 92)Warsaw, PolandPolitical partyPolish United Workers' Party Stanisław Kania (Polish pronunciation: [staˈɲiswaf ˈkaɲa]; 8 March 1927 –...

Disambiguazione – Pomigliano rimanda qui. Se stai cercando il comune anticamente denominato Pomigliano d'Atella, vedi Frattaminore. Questa voce o sezione sull'argomento centri abitati della Campania non cita le fonti necessarie o quelle presenti sono insufficienti. Commento: Mancano le fonti o sono comunque insufficienti nelle sezioni o sottosezioni: Storia, Aree naturali, Cultura, Economia Puoi migliorare questa voce aggiungendo citazioni da fonti attendibili secondo le linee...

 

South Korean online music service MelOn redirects here. For other uses, see Melon (disambiguation). This article relies excessively on references to primary sources. Please improve this article by adding secondary or tertiary sources. Find sources: Melon online music service – news · newspapers · books · scholar · JSTOR (February 2014) (Learn how and when to remove this message) MelonScreenshot Screenshot of Melon's new interface, launched in Augu...

 

Il Spasimo, Yesus memanggul salib-Nya di Via Dolorosa, karya Raphael, 1516 Via Dolorosa (bahasa Latin untuk Jalan Kesengsaraan atau Jalan Penderitaan; bahasa Inggris: Way of Grief, Way of Sorrow, Way of Suffering atau Painful Way; bahasa Ibrani: ויה דולורוזה; bahasa Arab: طريق الآلام) adalah sebuah jalan di Kota Yerusalem Kuno. Jalan ini diyakini adalah jalan yang dilalui Yesus sambil memanggul salib menuju Kalvari. Jalur yang berkelok-kelok dari benteng Antonia ke arah b...

Some of this article's listed sources may not be reliable. Please help improve this article by looking for better, more reliable sources. Unreliable citations may be challenged and removed. (November 2023) (Learn how and when to remove this message) Chinese taikonaut (born 1989) In this Chinese name, the family name is Tang. Tang Shengjie唐胜杰Tang ShengjieBornDecember 1989 (age 34)Dingxi, Gansu, ChinaStatusActiveNationality ChineseAlma materAir Force Aviation UniversityOccu...

 

Soil consisting primarily of organic materials HistosolA Histosol profileUsed inWRB, USDA soil taxonomy, otherWRB codeHSProfileOCParent materialOrganic matterClimatesubarctic, other In both the World Reference Base for Soil Resources (WRB)[1] and the USDA soil taxonomy,[2] a Histosol is a soil consisting primarily of organic materials. They are defined as having 40 centimetres (16 in) or more of organic soil material starting within 40 cm from the soil surface. In Soil Ta...

 

2016年美國總統選舉 ← 2012 2016年11月8日 2020 → 538個選舉人團席位獲勝需270票民意調查投票率55.7%[1][2] ▲ 0.8 %   获提名人 唐納·川普 希拉莉·克林頓 政党 共和黨 民主党 家鄉州 紐約州 紐約州 竞选搭档 迈克·彭斯 蒂姆·凱恩 选举人票 304[3][4][註 1] 227[5] 胜出州/省 30 + 緬-2 20 + DC 民選得票 62,984,828[6] 65,853,514[6]...

Danish-American actress (1895–1985) Ann ForrestAnn ForrestBornAnna Kromann(1895-04-14)14 April 1895Sønderho, DenmarkDied25 October 1985(1985-10-25) (aged 90)San Diego, California, U.S.Other namesAnne KornanAnn KornanAnn KromarmOccupationActressYears active1915–1931SpouseF. Steel Bain Ann Forrest (known also by her birth name Anna Kromann[1] and as Ann Kroman or Ann Kornan; 14 April 1895 – 25 October 1985) was a Danish-born American actress of Hollywood's silent f...

 

جزء من سلسلة مقالات حولعلم النفس تاريخ فروع خطوط عريضة المواضيع الرئيسية اللاقياسي السلوكي علم الوراثة السلوكي الحيوي المعرفي/معرفية المقارن عبر الثقافة الثقافي التنموي التمايزي التطوري التجريبي الحسابي العصبي الشخصية الإيجابي النفسي الديناميكي القياس النفسي الكمي ال...

 

Al-SulaymaniyyahPermukimanAl-SulaymaniyyahLocation in the Kingdom of Saudi ArabiaKoordinat: 24°38′N 46°43′E / 24.633°N 46.717°E / 24.633; 46.717Koordinat: 24°38′N 46°43′E / 24.633°N 46.717°E / 24.633; 46.717Negara Arab SaudiPemerintahan • Gubernur Pangeran RiyadhFaisal bin Bandar Al Saud • Wali kotaIbraheem Mohammed Al-SultanKetinggian612 m (2,008 ft)Zona waktuUTC+3 (AST) • Musim...

Dalam artikel ini, nama keluarganya adalah Thet Htar Thuzar. Thet Htar ThuzarInformasi pribadiNama lahirThet Htar ThuzarKebangsaanMyanmarLahir15 Maret 1999 (umur 25)Yangon, MyanmarTinggi158 cm (5 ft 2 in)Berat58 kg (128 pon)PeganganKananTunggal putriPeringkat tertinggi56 (24 Januari 2023)Peringkat saat ini57 (21 Februari 2023)Profil di BWF Thet Htar Thuzar (bahasa Burma: သက်ထားသူဇာ; lahir 15 Maret 1999) adalah pemain bulu tangkis...

 

  لمعانٍ أخرى، طالع مكاريوس الثالث (توضيح). مكاريوس الثالث معلومات شخصية الميلاد 18 فبراير 1872(1872-02-18)المحلة الكبرى الوفاة 31 أغسطس 1945 (73 سنة)القاهرة مكان الدفن الكاتدرائية المرقسية بالأزبكية  الإقامة الكاتدرائية المرقسية بالأزبكية  مواطنة مصر  مناصب بابا الكنيسة...

 

German physicist (born 1936) Gerhard ErtlErtl in 2007Born (1936-10-10) 10 October 1936 (age 87)Stuttgart-Bad Cannstatt, Baden-Württemberg, GermanyNationalityGermanAlma materUniversity of StuttgartTechnical University of MunichKnown forSurface chemistryAwardsEPS Europhysics Prize (1992)Japan Prize (1992)[1]Wolf Prize in Chemistry (1998)Nobel Prize in Chemistry (2007)Otto Hahn Prize (2007)Faraday Lectureship Prize (2007)Scientific careerFieldsSurface chemistryInstitution...

Questa voce o sezione sull'argomento Lazio è priva o carente di note e riferimenti bibliografici puntuali. Sebbene vi siano una bibliografia e/o dei collegamenti esterni, manca la contestualizzazione delle fonti con note a piè di pagina o altri riferimenti precisi che indichino puntualmente la provenienza delle informazioni. Puoi migliorare questa voce citando le fonti più precisamente. Valentanocomune Valentano – VedutaPanorama LocalizzazioneStato Italia Regione Lazio Pro...

 

Gisekiaceae Gisekia pharnacioides Klasifikasi ilmiah Kerajaan: Plantae (tanpa takson): Tracheophyta (tanpa takson): Angiospermae (tanpa takson): Eudikotil (tanpa takson): Eudikotil inti Ordo: Caryophyllales Famili: Gisekiaceae Genera Lihat teks Gisekiaceae adalah salah satu suku anggota tumbuhan berbunga. Menurut Sistem klasifikasi APG II suku ini dimasukkan ke dalam bangsa Caryophyllales, klad dikotil sejati inti namun tidak termasuk ke dalam dua kelompok besar, Rosidae dan asteridae. Wikim...