Vladimir Kramnik

Vladimir Kramnik


Fødenamn Владимир Борисович Крамник
Statsborgarskap Russland, Sovjetunionen
Fødd 25. juni 1975 (49 år)
Tuapse
Idrett sjakk
Tok del i Kandidatturneringen 2018, Sjakk-OL 1992, Sjakk-OL 1994, Sjakk-OL 1996, Sjakkolympiaden 2006, Sjakk-OL 2008, Sjakk-OL 2010, Sjakk-OL 2012, Sjakkolympiaden 2014, Sjakkolympiaden 2016, Sjakkolympiaden 2018
Utmerkingar world chess champion, Sjakk-Oscar, Æresordenen, Sjakk-Oscar
Vladimir Kramnik ved Corus sjakkturnering i Nederland i 2005

Vladimir Borisovitsj Kramnik (fødd 25. juni 1975 i Tuapse ved Svartehavet) er ein russisk sjakkspelar. Han slo Garri Kasparov i tittelkamp om verdsmeisterskapen i sjakk i 2000, og vart deretter rekna som den 14. klassiske verdsmeisteren i sjakk. Han forsvarte tittelen i VM-kampar i 2004 og 2006, men miste tittelen i VM-turneringa i Mexico City i september 2007 til indaren Viswanathan Anand.

Per 1. januar 2008 hadde Kramnik ein FIDE-rating på 2799. Han toppa dermed Verdssjakkforbundet FIDE si ratingliste, saman med verdsmeisteren Viswanathan Anand.

Tidleg karriere

Kramnik si første internasjonale sjakkturnering var U-14-verdsmeisterskapen i 1989, der han kom på 2. plass etter bulgararen Veselin Topalov. I 1991 vann han U-18-verdsmeisterskapen i Guarapuava, Brasil.

Kramnik fekk sitt store gjennombrot i 1992: Han vann blant anna ei stormeisterturnering i Gausdal, og blei tatt ut til Russland sitt lag til sjakkolympiaden (lag-VM i sjakk) i Manila. Her klarte han 8,5 poeng på 9 parti, ein fantastisk prestasjon. I 1992 vart han også tildelt stormeistertittelen - som ein av dei få som har hatt så rask framgang at han ikkje rakk å bli utnemnd til Internasjonal Meister i sjakk først.

I åra etter 1992 etablerte Kramnik seg som ein av toppspelarane i verda, med svært mange gode turneringsresultat.

Siger over Kasparov i VM-kamp i 2000

Garri Kasparov var verdsmeister i sjakk frå 1986. Han braut i 1993 med verdssjakkforbundet FIDE, og arrangerte deretter sine eigne VM-kampar. Kasparov skulle eigenleg spele VM-kamp i 2000 mot Alexei Shirov frå Spania. Dette då Shirov hadde slått Kramnik i ein kvalifiseringskamp. Men Kasparov og Shirov klarte ikkje å bli einige om dei økonomiske vilkåra for VM-kampen, og dermed fekk Kramnik sjansen. I oktober 2000 var det dermed klart for VM-kamp i London mellom Kramnik og Kasparov. Kramnik møtte svært godt førebudd til kampen, og vann to parti, spelte 13 remis og tapte ikkje eit einaste, og overtok dermed VM-tittelen etter Kasparov.

Tittelforsvar i 2004

I oktober 2004 møtte Kramnik ungararen Peter Leko i tvikamp om VM-tittelen i Brissago i Sveits. Leko leda tvikampen før det siste partiet, med 7-6, og trong berre remis for å bli verdsmeister. Men Kramnik vann dette siste partiet, kampen enda dermed uavgjort 7-7, og etter dei reglane som gjaldt for VM-kampen beheldt dermed Kramnik VM-tittelen.

Usemje og gjenforening 2006

Denne tittelkampen var opphavleg tenkt som ei etappe på vegen mot å sameine dei to verdsmeistertitlane. Kasparov hadde som ovanfor nemnt arrangert sine eigne VM-kampar sidan 1993, og fordi han år etter år viste at han var verdas sterkaste sjakkspelar med sterke turneringsresultat, så hadde det vore ein stor grad av aksept av at Kasparov var verdsmeister i sjakk.

Verdssjakkforbundet FIDE anerkjende ikkje Kasparov som verdsmeister, og hadde sine eigne arrangement. Frå 1999 arrangerte FIDE sine VM-kampar som utslagsturneringar (cup) med 128 deltakarar. Dette førte til at eit par av dei som blei verdsmeistrar, Khalifman i 1999 og Kasimsjonov i 2004, ikkje eingong var rangert blant dei 40 beste i verda. Dette gjorde at FIDE sin VM-tittel ikkje blei tatt heilt på alvor i sjakkverda. Samtidig sleit Kramnik etter 2004 med helseproblem, og hadde berre middelmådige turneringsresultat, noko som gjekk ut over prestisjen til hans VM-tittel.

I 2005 gjekk FIDE bort frå å arrangere VM som utslagsturnering, og arrangerte i staden ei VM-turnering for 8 spelarar i San Luis i Argentina. Både Kasparov og Kramnik vart inviterte til å vere med, men begge takka nei. Kasparov hadde lagt opp, medan Kramnik meinte han hadde krav på ein tvikamp i staden for ei alle-mot-alle-turnering. Situasjonen var dermed like uklar som før, sjølv om FIDE sitt offisielle standpunkt var at Kramnik med dette hadde sagt frå seg alle krav på VM-tittelen.

Veselin Topalov frå Bulgaria vann VM-turneringa i San Luis. Kramnik tilbaud Topalov å spele VM-kamp, for å sameine titlane. Desse forhandlingane førte ikkje til noko, men i 2006 tok presidenten i FIDE, Kirsan Ilyumzhinov oppatt dette, og klarte å få til ein avtale om ein VM-kamp. Sameiningskampen vart så spela på hausten i 2006, i Elista i den autonome russiske republikken Kalmykia. Kramnik vann denne kampen, etter mykje utanomsportsleg bråk og anklagar om juks frå Topalov si side. Den ordinære kampen enda 6-6. VM-tittelen var deretter avgjort med 4 hurtigsjakk-parti, der Kramnik vann 2,5-1,5.

VM-tittelen tapt i 2007 og omkamp i 2008

Ein del av avtalen mellom Kramnik og Topalov var at begge forplikta seg til å delta i ei dobbeltrundig VM-turnering med 8 deltakarar som vart halden i Mexico City i september 2007. Ingen av dei klarte å vinne denne turneringa, det klarte i staden Viswanathan Anand frå India.

Kramnik fekk sjansen til å vinne tilbake VM-tittelen: Eit anna av vilkåra i avtalen var at han skulle få ein omkamp mot den som måtte bli verdsmeister. Denne omkampen mot Anand vart spela i Bonn, Tyskland 14-29. oktober 2008, og var planlagt til maksimalt 12 parti. Anand viste seg overlegen i denne tvikampen, og vann 3, 5 og 6. partiet. Dei andre partia vart remis. Kampen var dermed langt på veg avgjort, Anand leda 4,5-1,5. Dei tre neste partia vart remis, før Kramnik vann 10. partiet og reduserte til 6-4. Men i det 11. partiet kom Kramnik dårleg ut av opninga, og tilbaud remis etter 24. trekk, noko Anand naturlegvis tok imot: Anand vann dermed VM-kampen 6,5-4,5.

Turneringsresultat og Sjakk-Oscar

Vladimir Kramnik vann Sjakk-Oscar for åra 2000 og 2006. Sjakk-Oscar blir gitt til den beste spelaren siste år, etter ei avstemming blant sjakkjournalistar og sjakkekspertar verda over. Det russiske sjakkbladet 64 har delt ut prisen sidan 1995.

Bakgrunnsstoff

Kjelder

Fotnotar

Read other articles:

List of statements that appear to contradict themselves This is a dynamic list and may never be able to satisfy particular standards for completeness. You can help by adding missing items with reliable sources. This list includes well known paradoxes, grouped thematically. The grouping is approximate, as paradoxes may fit into more than one category. This list collects only scenarios that have been called a paradox by at least one source and have their own article in this encyclopedia. Althou...

 

Nez Perce National Historic TrailLocationOregon, Idaho, Wyoming, Montana, USANearest cityLewiston, IDCoordinates46°8′31″N 116°21′34″W / 46.14194°N 116.35944°W / 46.14194; -116.35944Established1986Governing bodyU.S. Forest ServiceWebsiteNez Perce National Historic Trail The Nez Perce (Nee-Me-Poo) National Historic Trail follows the route taken by a large group of the Nez Perce tribe in 1877 to avoid being forced onto a reservation. The 1,170-mile (...

 

Pour les articles homonymes, voir Free Ride (homonymie). Cet article est une ébauche concernant le sport. Vous pouvez partager vos connaissances en l’améliorant (comment ?) selon les recommandations du projet sport. Ski « freeride » Le freeride (anglicisme) signifiant « pratique libre » consiste à pratiquer un sport (ski, VTT, motocyclette, motoneige, etc) hors de tout cadre formel. Le freeride est généralement associé au plaisir des grands espaces nature...

本條目存在以下問題,請協助改善本條目或在討論頁針對議題發表看法。 此條目需要編修,以確保文法、用詞、语气、格式、標點等使用恰当。 (2015年7月23日)請按照校對指引,幫助编辑這個條目。(幫助、討論) 此條目內容疑欠准确,有待查證。 (2015年7月23日)請在讨论页討論問題所在及加以改善,若此條目仍有爭議及准确度欠佳,會被提出存廢討論。 此條目之中立性有�...

 

أحمد زكي أبو شادي   معلومات شخصية الميلاد 9 فبراير 1892 [1][2]  القاهرة  الوفاة 12 أبريل 1955 (63 سنة)   واشنطن العاصمة  مكان الدفن مقبرة فورت لينكولن  [لغات أخرى]‏  مواطنة الدولة العثمانية (1892–1914) السلطنة المصرية (1914–1922) المملكة المصرية (1922–1953) جمهورية ...

 

1987 American film directed by Lionel Chetwynd The Hanoi HiltonTheatrical release posterDirected byLionel ChetwyndWritten byLionel ChetwyndProduced byYoram GlobusMenahem GolanStarring Michael Moriarty Jeffrey Jones Paul Le Mat Stephen Davies Lawrence Pressman Aki Aleong Gloria Carlin John Diehl Rick Fitts David Soul CinematographyMark IrwinEdited byPenelope ShawMusic byJimmy WebbDistributed byCannon Film DistributorsRelease date March 27, 1987 (1987-03-27) Running time125 minut...

American public servant For the botanist, see Charles Elmer Allen. Charles E. AllenCharles E. AllenUnder Secretary of Homeland Security for Intelligence and AnalysisIn officeAugust 23, 2005 – January 20, 2009PresidentGeorge W. BushPreceded byPatrick M. HughesSucceeded byCaryn Wagner Personal detailsBornTaylorsville, Alexander County, North Carolina, USAlma materUniversity of North CarolinaU.S. Air Force Air War CollegeWebsiteDHS Charles E. Allen Charles E. Allen (born 1936) is an A...

 

Territorial legislature of Puerto Rico Legislative Assembly of Puerto Rico Asamblea Legislativa de Puerto Rico19th Legislative Assembly of Puerto RicoTypeTypeBicameral HousesSenate House of RepresentativesLeadershipPresident of the SenateJosé Luis Dalmau Speaker of the HouseTatito Hernández StructureSeats27 Senators51 RepresentativesSenate political groups  PPD (12)  PNP (10)  MVC (2)  PIP (1)  PD (1)  Independent (1)House of Representatives political groups...

 

US Open 2022Doppio femminileSport Tennis Vincitrici Barbora Krejčíková Kateřina Siniaková Finaliste Caty McNally Taylor Townsend Punteggio3-6, 7-5, 6-1 Tornei Singolare uomini (q) donne (q)   ragazzi ragazze Doppio uomini donne misto ragazzi ragazze 2021 2023 Voce principale: US Open 2022. Samantha Stosur e Zhang Shuai sono le detentrici del titolo, ma hanno deciso di non partecipare insieme a questa edizione del torneo. Stosur ha giocato con Latisha Chan, ma sono state sconfitte ne...

Chinese politician For the football player, see Gong Zheng (footballer). In this Chinese name, the family name is Gong. Gong Zheng龚正Gong in 2021Mayor of ShanghaiIncumbentAssumed office March 23, 2020Party SecretaryLi Qiang Chen JiningPreceded byYing YongGovernor of ShandongIn officeApril 11, 2017 – April 17, 2020Party SecretaryLiu JiayiPreceded byGuo ShuqingSucceeded byLi GanjieCommunist Party Secretary of HangzhouIn officeSeptember 2013 – August 2015Preceded byH...

 

Railway station in Nyūzen, Toyama Prefecture, Japan Nyūzen Station入善駅Nyūzen Station exterior in August 2007General informationLocation6987 Irizen, Nyūzen-machi, Shimoniikawa-gun, Toyama-ken 939-0626JapanCoordinates36°56′29″N 137°29′56″E / 36.9413°N 137.4990°E / 36.9413; 137.4990Operated by Ainokaze Toyama RailwayLine(s)■ Ainokaze Toyama Railway LineDistance85.5 km from KurikaraPlatforms2 side platformsTracks2Other informationStatusStaffedWebsite...

 

Sir Ralph AbercrombySir Ralph Abercromby, oleh John HoppnerLahir(1734-10-07)7 Oktober 1734Menstrie, Clackmannanshire, SkotlandiaMeninggal28 Maret 1801(1801-03-28) (umur 66)Iskandariyah, MesirDikebumikanBenteng Saint Elmo, Valletta, Malta (35°54′10″N 14°31′12″E / 35.902722°N 14.519889°E / 35.902722; 14.519889Koordinat: 35°54′10″N 14°31′12″E / 35.902722°N 14.519889°E / 35.902722; 14.519889)Pengabdian Britania Raya...

Association football club in Riyadh, Saudi Arabia Football clubAl HilalFull nameAl Hilal Saudi Football ClubNickname(s)Al-Za'eem / الزعيم العالمي (The Boss) (The Bosses Of The World) Blue Waves Blue Power - القوة الزرقاءFounded16 October 1957; 66 years ago (1957-10-16) (as Olympic Club)GroundKingdom ArenaCapacity30,000[1]OwnerPublic Investment Fund (75%)Al Hilal Non-Profit Foundation (25%)[2]PresidentFahad bin NafelManagerJorge JesusL...

 

Humanitarian corridors in Bosnia and Herzegovina established in 1993 This article needs additional citations for verification. Please help improve this article by adding citations to reliable sources. Unsourced material may be challenged and removed.Find sources: United Nations Safe Areas – news · newspapers · books · scholar · JSTOR (January 2017) (Learn how and when to remove this message) You can help expand this article with text translated from th...

 

Gamla stanStasiun Stockholms tunnelbanaKoordinat59°19′22″N 18°4′3″E / 59.32278°N 18.06750°E / 59.32278; 18.06750PemilikStorstockholms LokaltrafikSejarahDibuka24 November 1957Operasi layanan Stasiun sebelumnya   Stockholms tunnelbana   Stasiun berikutnya Slussen Norsborg Jalur T13T-Centralen Ropsten Slussen Fruängen Jalur T14T-Centralen Mörby centrum T-Centralen Åkeshov, Vällingby atau Hässelby strand Jalur T17Slussen Skarpnäck Terminus [[{{{...

Swedish coastal defence ship This article has multiple issues. Please help improve it or discuss these issues on the talk page. (Learn how and when to remove these template messages) This article needs additional citations for verification. Please help improve this article by adding citations to reliable sources. Unsourced material may be challenged and removed.Find sources: HSwMS Dristigheten – news · newspapers · books · scholar · JSTOR (January 2015...

 

American television series For the radio program of the same name, see Death Valley Days (radio program). Death Valley DaysEarly logo of Death Valley DaysGenreAnthology/WesternPresented by Stanley Andrews (1952–1964) Ronald Reagan (1964–1966) Robert Taylor (1966–1969) Dale Robertson (1969–1970) StarringSee listNarrated byMerle Haggard (1975 re-broadcasts)Theme music composerHerbert TaylorCountry of originUnited StatesOriginal languageEnglishNo. of seasons18No. of episodes452 (list of ...

 

Questa voce sull'argomento cestisti australiani è solo un abbozzo. Contribuisci a migliorarla secondo le convenzioni di Wikipedia. Segui i suggerimenti del progetto di riferimento. Akoldah GakNazionalità Australia Altezza210 cm Peso102 kg Pallacanestro RuoloAla grande Squadra Cairns Taipans CarrieraSquadre di club 2020-2021 The Hawks4 (4)2021-2023 Illawarra Hawks25 (32)2023- Cairns Taipans Nazionale 2021 Australia U-192022 Australia Il simbolo → indica un tr...

Military supply and maintenance U.S. Marines from Combat Logistics Battalion 8 and Navy personnel from Beach Master Unit 2 off-load ISO containers from a Landing Craft Utility with a Logistics Vehicle System Replacement Loading artillery shells Part of a series onWarOutline History Prehistoric Ancient Post-classical castles Early modern pike and shot napoleonic Late modern industrial fourth-gen Military Organization Command and control Defense ministry Army Navy Air force Marines Coast guard ...

 

This article is about the river in Southern Ontario. For the river in England, see River Welland. Not to be confused with Chippewa River (Ontario). River in Southern Ontario Welland RiverChippawa CreekA boat on the riverLocationCountryCanadaProvinceOntarioCitiesWellandNiagara FallsPhysical characteristicsSource  • coordinates43°08′44″N 79°56′18″W / 43.14542°N 79.93847°W / 43.14542; -79.93847 • elevationapprox. 248&#...