Teheran (persisk تهران [tʰɛhə'rɑ:n] el. [tʰɛh'rɑ:n]), stundom skrive Tehran, er hovudstaden i Iran. I Teheran bur om lag 7,4 millionar menneske – medrekna forstadene om lag 11 millionar (1. januar 2004).[treng kjelde]
Teheran ligg nord i Iran på 1200 moh. ved elvane Jajrud og Karaj.
Teheran er etter folketal den største byen i Midtausten. Den har 2 universitet, fleire museum og moskéar og er Irans handels- og industrisentrum med meir enn halvparten av industrien i landet.
Det har budd menneske i teheranområdet frå kring 6000 fvt., men ein reknar at sjølve byen Teheran vart grunnlagt på 800-talet.
Venskapsbyar
Kjelder
- Referansar
- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 https://citypopulation.de/en/iran/cities/.
- ↑ 2,0 2,1 2,2 2,3 «جمعیت به تفکیک تقسیمات کشوری» (på persisk). Henta 29. oktober 2023.
- ↑ arkivkopi, arkivert frå originalen 4. januar 2007, henta 16. juni 2009
- ↑ http://www.danwei.org/archives/001506.html
- ↑ arkivkopi, arkivert frå originalen 20. juni 2010, henta 16. juni 2009
- ↑ http://www.payvand.com/news/01/mar/1053.html
- ↑ http://www.dfa.gov.za/foreign/Multilateral/profiles/persian.htm
- ↑ arkivkopi, arkivert frå originalen 5. januar 2009, henta 16. juni 2009
- ↑ http://www.irna.ir/en/news/view/line-22/0507290705201848.htm
- ↑ http://www.mtsmondo.com/news/world/story.php?vest=35911[daud lenkje]
Bakgrunnsstoff