Dette albumet markerte eit comeback for ei gruppe som generelt hadde vorte avskrive sidan Dan Peek forlet dei fem år tidlegare. Det vart ein smålåten hit i USA, og nådde 41. plassen på Billboard-lista, og produserte to hitsinglar: «You Can Do Magic» nådde åttandeplassen på Billboard-lista og femteplassen på Adult Contemporary-lista, og «Right Before Your Eyes» (òg populært kjent som «Rudolph Valentino») nådde 45. plassen på Billboard-lista og 16. plassen på Adult Contemporary-lista. «You Can Do Magic» låg lengre på hitlistene, 20 veker, enn nokon annan singel av America.
Songen «Inspector Mills» var ein hit på Filippinane på 80-talet og er framleis ein av dei mest kjende America-songane i dette landet til dags dato.
Allmusic gav stor ros til hitlåtane «You Can Do Magic» og «Right Before Your Eyes», men meinte at View from the Ground var «eit eksepsjonelt glattlydende, men keisamt album generelt». Dei tilrådde lyttarane i staden å oppsøkja dei to hittane, spesielt «You Can Do Magic», på samleplater.[1]