«I Need You» er ein song av den amerikanske rockegruppa America, gjeven ut i 1972[1] som den andre singelen deira frå det sjølvoppkalla debutalbumet America. Songen var skriven av Gerry Beckley.
Cash Box skildra songen som «ein mild, 'Something'-aktig ballade.»[2]
Han finst på konsertalbum Live (1977), In Concert (1985), In Concert (King Biscuit), Horse With No Name - Live! (1995) og The Grand Cayman Concert (2002). Studioversjonen er inkludert på samlealbuma Highway (2000) og The Complete Greatest Hits (2001).
George Martin miksa studioinnspelinga på ny for inkludering på History: America's Greatest Hits (1975) med tonehøgda sat ned ein kvart tone og bassgitaren sett opp ytterlegare i volum frå originalutgivinga. Ein alternativ miks frå 1971 (elles basert på George Martin-miksen) finst på 2015-utgivinga Archives, Vol. 1.[3]
Medverksande
(Ifølgje baksida av vinylutgåva frå 1972 av America).
Salslister
Sangen vart ein topp ti-hit og låg ti veker på Billboard Hot 100-listene i USA, der han nådde niandeplassen. Det var andre topp ti-singlen til bandet, etter suksessen med deira førre hit «A Horse With No Name». Han gjekk òg inn på Billboard Adult Contemporary-lista på ein sjuandeplass, og både Cash Box Singles Chart og Record World Singles Chart som nummer 8. I motsetning til den førre hitsingelen deira fekk han ingen sertifiseringar av RIAA.
Coverversjonar
Andy Williams gav ut ein versjon i 1972 på albumet sitt, Alone Again (Naturally).[7] Same år sleppte òg Percy Faith og Ray Conniff versjonar av songen.[8][9]
Harry Nilsson spelte inn songen til albumet ...That's the Way It Is frå 1976
Kjelder
|
---|
|
Studioalbum | |
---|
Samlealbum | |
---|
Konsertalbum | |
---|
Filmmusikk | |
---|
Singlar | |
---|
Tilknytte artiklar | |
---|