Verdscupen i skiskyting 1997 tok til 30. november 1996 og vart avslutta 16. mars 1997. Turneringa omfatta 20 individuelle tevlingar for begge kjønn. Renna fann stad på Lillehammer og i Oslo i Noreg, Östersund i Sverige, Oberhof og Ruhpolding i Tyskland, Antholz i Italia, Osrblie i Slovakia, Nagano i Japan og Novosibirsk i Russland.
Dei mannlege utøvarane tevla i seks 20 km, ni stk 10-kilometer sprint, fire jaktstartar à 12,5 km og ein 10 km lang fellesstart. I tillegg vart det arrangert fem stafettar over 4 x 7,5 km og to mannskapstevlingar. Tyske Sven Fischer
sikra seg topplassen i turneringa, sterkt utfordr av nummer 2 og 3, norske Ole Einar Bjørndalen og Viktor Majgurov, som representerte Belarus.
Dei kvinnelege utøvarane tevla i seks 15 km og ni stk 7,5 km sprint, fire jaktstartar à 10 km og ein 7,5, km lang fellesstart. I tillegg vart det arrangert fem stafettar over 4 x 7,5 km og to mannskapstevlingar. Magdalena Forsberg frå Sverige sigra i turneringa, like framom tyske Uschi Disl. Simone Greiner-Petter, også Tyskland, la beslag på tredjeplassen.
Menn
Individuelt
Kvinner
Individuelt
Kjelder