Östersund er den einaste byen innanfor dei noverande grensene til Sverige som vart grunnlagt på 1700-talet. Byen vart grunnlagd først og fremst for å kontrollere handelen i Jämtland, der innbyggjarane dreiv ein omfattande og særs lønsam handel som irriterte den svenske staten. Intensjonane til statsmakta var å kanalisere handelen til byen. Dette vart likevel ikkje tatt godt imot av folkesetnaden, noko som leidde til at Östersund lenge vart verande ein liten by, faktisk mindre enn Frösön. Ein må heilt fram til den seinare delen av 1800-talet før Östersund vert ein verkeleg by, eigentleg først etter at jarnvegen kom i år 1879.
Geografi
Östersund ligg sentralt i Sverige, midt i Jämtlands län og midt i Östersunds kommun. Geografisk sett er Östersund den mest sentrale byen i Sverige, og tek gjerne æra som det geografiske midtpunktet i Sverige.[2] Stadnamnet kjem frå det smale sundet som skil Frösön frå fastlandet, Östersundet, opphavleg Östra sundet, som i dag er så smalt som 150 meter enkelte stader.