Nagano ligg i eit område med mange åsar og bakkar. Byen hadde om lag 378,000 innbyggjarar i 2006, og er m.a.o. ikkje blant dei største byane i Japan. Her ligg eit universitet frå 1949, og det er både tre- og silkeindustri i byen. Den største attraksjonen i Nagano er buddhisttempletZenkō-ji frå 600-talet. Templet er eitt av dei få gjenverande pilgrimsmåla i Japan.
Både jarnbane og vegnettet er godt utbygd frå byen, og innanriksflyplassen Matsumoto Airport ligg ikkje langt unna.