Vårkål (Ranunculus ficaria) er ein vårblome i soleiefamilien. Planten har gule blome med mange kronblad, som viser seg i mars–april i Noreg. Blada er heile. Dette skil planten frå dei andre artane i soleiefamilien.
Namnet 'vårkål' kjem frå tidlegare tider, då planten blei brukt som grønsak om våren. Dei mørkegrøne blada inneheld mykje C-vitamin, og var eit viktig kosttilskot på ei tid då ein lett mangla dette. I store mengder er derimot vårkål giftig.
Planten veks i heile Europa og Vest-Asia, og er blitt introdusert til Nord-Amerika.
Bakgrunnsstoff